I fredagens vekebrev fortel kommunedirektør Terje Heggheim at Solbakken asylmottak har gjort avtale med UDI om å auke kapasiteten med 30 plassar.

– Før jul fekk vi ein førespurnad frå Utlendingsdirektoratet (UDI) om vi kunne auke talet på asylantar ved Solbakken i Florø med 30 nye. Vi har nytta tida til å vurdere førespurnaden og kome fram til at det skal vi klare, skriv Heggheim.

Han legg til at dette er ein gladsak for kommunen.

– For det første kan vi hjelpe fleire som treng det. For det andre utløyser det kommunal aktivitet. Eit tredje tilhøve går på at vi må sjå UDI sin førespurnad som uttrykk for tillit for måten vi driv denne verksemda på.

Heggheim avsluttar med å rose både Kinn utdannings- og ressurssenter, og bustadkontoret for jobben dei gjer, og måten dei har tatt denne utfordringa på.