Gå til sidens hovedinnhold

28 menneske omkom i fritidsbåtulykker i fjor

Artikkelen er over 1 år gammel

Første halvåret var det uvanleg få, men så kom sommaren.

Og den baud på mange alvorlege ulykker: Fleire omkom i juli og august enn heile det første halvåret til saman. No jobbar Sjøfartsdirektoratet med å spisse det førebyggande arbeidet.

Totalt registrerte Sjøfartsdirektoratet 28 dødsfall knytte til bruk av fritidsbåtar i 2019 - ein auke på fire personar frå 2018.

– Etter fjorårets nedgang i ulykker er det trist å sjå at kurven igjen peikar oppover. Vi nærmar oss dei siste 19 åras gjennomsnittstal, som er 32 omkomne i året, seier seksjonssjef for fritidsfartøy i Sjøfartsdirektoratet, Petter Andre Søreng.

Og som vanleg var det flest menn blant dei omkomne - denne gongen heile 27 av 28. Gjennomsnittsalderen på dei omkomne var 51 år, medan den yngste var berre 20 år gammal. I ti av tilfella har båten kantra, men mange av ulykkene skuldast fall over bord, utan at fartøyet var skadd eller har kantra. Det kan ha handla om trekking av garn, stangfiske, eller at ein har fått tau i propellen. Fire av dei omkomne fall i vatnet når dei var på veg om bord eller i land, og fire omkom som følgje av grunnstøytingar - alle på nattestid. Det blei registrert promille hos 8 av dei 28 omkomne.

Halvparten av dei omkomne mangla flytevest, og i fire av ulykkene er det uklart om det blei brukt vest eller ei.

– Vi ser at folk generelt er blitt flinkare å nytte flyteutstyr, men ulykkestala viser likevel at for mange vel bort dette enkle og gode tryggleikstiltaket. Bruk av flyteutstyr kunne utvilsomt ha hindra fleire av dødsfalla i 2019. Det er også viktig at alle sørger for å ha utstyr som gjer det mogleg å varsle hvis dei kjem ut for ei ulykke, seier Petter Andre Søreng.

Kommentarer til denne saken