28-åring tiltalt for knivdrap i Florø

Rettssaka startar

DEL

15. november i fjor, etter ein væpna politiaksjon vart ein då 27 år gammal mann arrestert og sikta for knivdrap på ei 51 år gammal kvinne. Mannen har erkjent å ha teke livet av kvinna, og har site i varetekt sidan hendinga. Grunna mannen sin helsetilstand har han deler av tida vore innlagt på psykiatrisk avdeling.

Mannen kjem frå Aust-Europa, men hadde budd i Florø i fleire år då drapet skjedde, medan den drepne kvinna nyleg hadde komme til byen. Også ho var frå Aust-Europa, men frå eit anna land enn mannen.

28-åringen er no tiltalt for drapet. Rettssaka startar i Sogn og Fjordane Tingrett 10. november og skal vare i fire dagar.


Artikkeltags