24 kilometer med vegar i Kinn skal skifte eigar - eller skal dei det?
I september i fjor skreiv vi at Vestland fylkeskommune og Kinn kommune ønskjer å endre eigarskapen til fleire vegar i kommunen. Kommunestyret har gjort vedtaka sine, men over eit halvt år seinare er saka framleis i skuffa hos fylkeskommunen.