Gå til sidens hovedinnhold

209 kulturtilsette til blir tekne ut i streik frå 25. oktober

Streiken i kultursektoren blir trappa opp. No blir 209 kulturtilsette til tekne ut i streik om partane ikkje blir samde.

Onsdag klokka 9.30 møtest partane i streiken hos Riksmeklaren. Blir dei ikkje samde, blir streiken trappa opp frå 25. oktober.

– Eg registrerer at arbeidsgivarane meiner vi må bevege oss. Det er ganske freidig. Er det noko vi har gjort, er det å komme arbeidsgivar i møte, seier Lise Olsen, forhandlingsleiar og nestleiar i LO Stat.

Kommentarer til denne saken