Med berre eit par dagar igjen kan Meteorologisk institutt slå fast at 2020 er det varmaste året som er målt i Noreg sidan målingane starta for 120 år sidan.
Året har så langt hatt ein gjennomsnittstemperatur som ligg rundt 2,5 grader over normalen, ifølgje Meteorologisk institutt. Normalen er gjennomsnittet over dei 30 åra frå 1961 til 1990.
– Som tala viser, har 2020 vore eit veldig varmt år, dette gjeld spesielt vinteren. Det er dessverre ikkje overraskande at vi set nye varmerekordar, seier klimaforskar Hans Olav Hygen.
Den førre rekorden vart sett i 2014 med gjennomsnittleg 2,2 grader over normalen.
(©NPK)