192 nye koronasmitta registrert siste døgn

Av
DEL

Det var ved midnatt natt til torsdag registrert 16.963 koronasmitta personar her i landet. Det er ein auke på 192 melde tilfelle siste døgn.

Det er 23 fleire enn dagen før og 32 fleire enn til same tid førre veke.

Den siste veka er det totalt meldt om 827 nye koronatilfelle i Noreg, viser førebelse tal frå det nasjonale meldesystemet for smittsame sjukdommar (MSIS). Til saman er meir enn 1,5 millionar personar vorte testa for koronavirus i Noreg.

I alt var 36 koronapasientar innlagde på sjukehus onsdag, som er sju fleire enn dagen før.

FHI har registrert 279 koronarelaterte dødsfall her i landet sidan mars. Den største gruppa døde er i alderen 80 til 89 år, og 52 prosent av dei døde er menn. FHI understrekar at det ikkje alltid er mogleg å slå fast om dei koronasmitta har døydd av eller med covid-19.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken