Advokataksjonen har ført til ein lang kø av straffesaker i Høgsterett. Det låge talet på sivilsaker kan gjere at få saker blir førte for Høgsterett framover.

Dei siste to månadene har det vorte sleppt inn dobbelt så mange straffesaker som sivile saker til Høgsterett, skriv Rett24.

For ti veker sidan starta Advokatforeningen ein aksjon etter at Støre-regjeringa i tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet for neste år foreslo å auke salærsatsen med berre 22 kroner til 1.107 kroner. Kravet frå Advokatforeningen var 1.560 kroner.

Medlemmene i foreininga har sidan nekta å ta på seg forsvararoppdrag i Høgsterett.

Desse ti vekene har ankeutvalet til Høgsterett gjort vedtak om å fremje 22 straffesaker og 10 sivile saker. Til samanlikning vart det i fjor behandla 30 straffesaker og 61 sivile saker i Høgsterett.

Situasjonen har ført til at det er 19 ikkje dagsette straffesaker på vent.

Justisminister Emilie Mehl (Sp) inviterte sist veke leiaren i Advokatforeningen til eit møte, som vart halde tysdag denne veka.

– Bodskapen var at både ho og departementet er opptekne av å få løyst denne saka. Ho ser at aksjonen skaper problem for avviklinga av saker i Høgsterett, og det var eigentleg eit møte der vi fekk høve til å utveksle synspunkt, seier leiar Jon Wessel-Aas i Advokatforeningen.

(©NPK)