184 nye koronasmitta stadfesta i Noreg

Av

Det siste døgnet har talet på stadfesta koronasmitta i Noreg stige med 184, ifølgje Folkehelseinstituttet. Totalt har over 40.000 vorte testa for viruset.

DEL

Totalt er 1.742 personar her til lands stadfesta smitta av viruset, og 135 virussmitta pasientar er innlagde på sjukehus.

769 av dei stadfesta smittetilfella har vorte smitta av viruset i Noreg, medan 862 er smitta utanlands. I FHIs dagsrapport kjem det fram at det no er fleire som er smitta i Noreg enn i Austerrike.

Av dei smitta i Noreg har 404 vore nærkontaktar av eit kjent smittetilfelle, medan 342 ikkje har kjend smitteveg.

Færrast smitta i Nordland

Viken er fylket i Noreg med flest koronatilfelle, med 529 smitta, følgt av Oslo med 419 koronasmitta. Rogaland har tredje flest smitta med 180 smittetilfelle.


Færrast smitta er det i Nordland og Troms og Finnmark, med høvesvis 17 og 32 smitta.


Fredag ettermiddag var det totalt meldt om sju dødsfall knytte til covid-19 i Noreg.


Over 40.000 testa

Talet på testa for viruset var 43.735 fredag morgon, ifølgje FHI. Det tyder at det vart gjennomført nesten 5.800 testar torsdag.

Folkehelseinstituttet presiserte fredag råda sine om kven som skal testast for viruset.

– Personar som har akutt luftvegsinfeksjon med feber, hoste eller kort pust og har behov for innlegging eller bur på helseinstitusjon, skal testast. Det same gjeld personar som er over 65 år og har underliggjande, kronisk sjukdom med tilsvarande symptom, seier avdelingsdirektør Line Vold ved FHI.

Helsepersonell med mildare symptom kan sjå an symptoma i to døgn heime før dei blir tilrådde å bli testa.

Artikkeltags