Fire av dei vart ikkje godkjende, og eitt vart trekt tilbake. Ved valet for fire år sidan vart 17 lister godkjende. Fylkestinget i Vestland har 65 representantar, og 855 kandidatar stiller til val på 18 lister.
Desse 18 listene er godkjende (i alfabetisk rekkefølge):
Arbeidarpartiet
Bergenslisten
Folkestyrelisten
Folkets Parti
Fremskrittspartiet
Høgre
Industri- og næringspartiet
Konservativt
Kristeleg Folkeparti
Liberalistene
Miljøpartiet Dei Grøne
Norgesdemokratene
Partiet Sentrum
Pensjonistpartiet
Raudt
Senterpartiet
SV - Sosialistisk Venstreparti
Venstre
Ikkje godkjende
Fire lister vart ikkje godkjende fordi dei ikkje oppfylte krava i vallova. Desse er:
Alliansen – Alternativ for Norge
Generasjonspartiet
Innovasjon- og teknologilisten
Kystpartiet
Årsaka til manglande godkjenning er at partia ikkje greidde å samle nok underskrifter. Det er krav om 500 underskrifter av personar som har røysterett ved valet i Vestland for parti som fekk mindre enn 5000 røyster ved førre stortingsval eller mindre enn 500 røyster i valdistriktet.
Til listeforslaget frå Kystpartiet hadde også det utøvande organet til partiet innvendingar mot listeforslaget.
Tilbakekalt
Eitt listeforslag vart trekt tilbake av forslagstillarane: Det er lista til Folkepartiet.
Endra namn
Til fylkestingsvalet har tre parti endra namn sidan valet for fire år sidan. Demokratene er blitt til Norgesdemokratene, Folkeaksjonen Nei til meir bompenger er blitt til Folkets parti, Partiet De Kristne er blitt til Konservativt.
Nye parti
Fire nye parti stiller liste ved valet. Det er:
Bergenslisten, Folkestyrelisten, Industri- og næringspartiet og Partiet Sentrum.
Stiller ikkje liste
Tre parti som stilte liste ved valet for fire år sidan, stiller ikkje liste i år. Det er:
Helsepartiet, Norges Kommunistiske Parti og Piratpartiet.
Valdag
Valdagen er måndag 11. september. I enkelte kommunar også søndag 10. september. Førehandsrøystinga startar 10. august og varer til 8. september. Det er høve til å røyste på helse- og omsorgsinstitusjonar. Du kan òg søkje kommunen din om å få røyste heime.