Ved utløpet av fristen 1. april klokka tolv hadde 17 parti stilt liste til det første fylkestingsvalet for Vestland fylkeskommune.

Hordaland og Sogn og Fjordane blir i år for første gong ein valkrins ved fylkestingsvalet til hausten. Hordaland har i dag 15 parti i sitt fylkesting, medan det sit 11 i Sogn og Fjordane. Dei to partia som ikkje lenger er med, er Kystpartiet, som hadde liste i begge fylka ved sist val, og Feministisk Initiativ, som stilte liste i Hordaland. Dei fire som er nye er Helsepartiet, Norges Kommunistiske Parti, Folkeaksjonen Nei til mer bompenger og Liberalistene.

I nye Vestland fylke skal det veljast 65 representantar. I dag har Hordaland 57 og Sogn og Fjordane 31 representantar. Det nye fylket får altså 23 representantar færre enn dei to fylka har til saman i dag.

Dei 17 innkomne listene skal godkjennast av fellesnemnda for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane til Vestland fylkeskommune. Det skjer torsdag 23. mai.

Fylkestingsvalet og kommunestyrevalet er måndag 9. september.

Dette er dei 17 partia som stiller til val: Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Rødt, Piratpartiet, Pensjonistpartiet, Arbeidarpartiet, Fremskrittspartiet, Miljøpartiet De Grønne, Partiet De Kristne, Høgre, Venstre, Helsepartiet, Norges Kommunistiske Parti, Folkeaksjonen Nei til mer bompenger, Demokratene og Liberalistene.