– Vent på oss, ver så snill!

VENT PÅ OSS! Ungane frå sentrumsbarnehagane og Furuhaugane har kortast bein og må gå bakerst. No ber dei publikum vente på dei, og ikkje avskjere dei frå resten av barnetoget.

VENT PÅ OSS! Ungane frå sentrumsbarnehagane og Furuhaugane har kortast bein og må gå bakerst. No ber dei publikum vente på dei, og ikkje avskjere dei frå resten av barnetoget. Foto:

FLORØ: Dei er minst og går bakerst i barnetoget. No ber barnehageborna publikum om å vente å krysse gater og gå inn i 17. maitoget, til dei også har passert.

DEL

Dei har pynta seg kanskje aller finast – og dei er gjengen som gler seg aller mest til 17. mai. Likevel har det å gå i 17. mai-toget stundom blitt ei litt skuffande oppleving for sentrumsbarnehagane og Furuhaugane-borna.

Dei går nemleg bakerst i toget, og ofte opplever dei at publikum til toget byrjar å krysse gata og gå inn i sjølve toget før dei minste borna har passert. Dermed dett dei litt ut av sjølve toget, og korte bein har vanskar med å ta att det tapte. Dermed blir dei eit tog for seg sjølve, og det har skuffa mange av dei små dei siste åra.

No har foreldreutvalet for barnehagane i Flora forsøkt å få endringar i tog-oppsettet:

– Vi tok kontakt med 17. mai-komitéen for å høyre om det var mogleg å endre oppstillinga i barnetoget, og flette dei inn på ein betre måte. Barnehagane på Krokane, Brandsøy og Torvmyrane går i lag med skulane dei har naboforhold til. Men svaret vi fekk var at dei ikkje ønskjer endringar i oppstillinga, fordi det vil bli rotete, seier Linda Anette Magnussen, på vegner av foreldreutvalet.

No går ho heller ut i Firdaposten med ei bøn til alle som skal ut og sjå barnetoget og feire nasjonaldagen.

– Eg vil oppmode alle om å ha litt tolmod og vente på dei minste til dei alle har gått forbi. Dette har vore eit problem i fleire år, og det er kjedeleg for barnehageborna frå sentrum og Furuhaugane. Så bli ståande og rop hurra for desse også, det fortener dei, seier Magnussen.

Artikkeltags