– Ein person vart skalla ned og fekk skader i hovudet. Politiet har teke avhøyr av vitne og den fornærma i saka, seier operasjonsleiar Stine Mjelde ved Vest politidistrikt.
Den fornærma er 17 år og vart henta av foreldra sine og vart frakta til legevakta. Det er tatt avhøyr av den fornærma og eit vitne som skal ha vore på staden. Politiet har ikkje vore i kontakt med det som kan vise seg å vere gjerningspersonen, men det er oppgitt eit namn og politiet kjem til å følge opp saka.
Men det var ikkje berre i Måløy at det var vald blant mindreårige.
Kuttskader etter basketak
Klokka 01.34 fekk politiet melding om ein fest på Vårdal grendahus i Askvoll. Her var det samla til fest med mange mindreårige til stades. Der skal det ha vore ei valdshending. Ein person skal ha fått kuttskadar etter eit basketak og det er ein person som er sikta. Det er teke blodprøve av den sikta som ikkje vart pågripen då han er mindreårig. Vedkommande vart henta av foreldre.
Saka blir no handtert av politiet i geografisk eining Sogn og Fjordane.
Klokka 02.24 i Førde sentrum vart ein mann i 20-åra tatt for å ha brote politiet sitt pålegg om å fjerne seg ifrå sentrum. Tidlegare på kvelden skal den overstadig rusa mannen kome ut frå Scandic Sunnfjord Hotell og fekk eit pålegg om å forlate sentrumsområdet. Då mannen kom attende til sentrum klokka 02.24 og kom i kontakt med politiet på nytt, vart altså pålegget brote. Det blir oppretta sak og mannen vart i natt teken hand om av foreldra sine.
Brot på politiets pålegg i mann i 20 årene bortvist frå Førde Sentrum, kom tilbake igjen, meld for brot på pålegget. Tatt hand av foreldre.
God stemning og kontakt med rånarar
Politiet hadde også nokre litt meir trivelege oppdrag natt til søndag.
Dei gjennomførte ein utelivskontroll på Corner Bar og Jibben i Måløy. Der vart det meldt om god stemning og ikkje noko politiet trengde å sette stoppar for.
Dei hadde også førebyggande samtalar med rånarane i Florø. Politiet hadde ingen reaksjonar å komme med og kunne melde om at samtalane var både førebyggande og gode.
Men ein rånar i Sogndal fekk eit forenkla førelegg for bruk av raude lys inne i bilen. Grunnen var at mannen med som eigde bilen fekk eit pålegg om å fjerne dei raude lysa for to år tilbake. Det har ikkje blitt gjort, så denne gongen var det ingen bøn. Politiet måtte hente fram føreleggsheftet.