22. desember er kjend som den store bulkedagen for norske bilistar. 16. mai siglar opp som ein ny dag med mange slike skadar, ifølgje forsikringsselskapet Fremtind.
– Stress og mangel på merksemd er ein gjengangar på typiske utfarts- og handledagar. Det fører til mange skadar. Ta deg god tid, la mobilen liggje når du køyrer og ta det pent i parkeringshus, seier skadeførebyggjar Therese Hofstad-Nielsen i Fremtind.
Fremtind er forsikringsselskapet til SpareBank1 og DNB.
Pandemien har dei siste to åra gitt mindre trafikk og ei unormal 17. mai-feiring. I normale år, som i 2018 og 2019, har forsikringsbransjen registrert langt fleire bulkeskadar på 16. mai enn andre dagar i mai.
I 2018 var det 182 bulkeskadar 16. mai, medan snittet for mai var 108 skadar per dag. I 2019 var det 179 bulkeskadar 16. mai, medan snittet på var på 116 skadar per dag i mai.
– 16. mai er den store handledagen før nasjonaldagen. Vi registrerer over 60 prosent fleire bilsmell i samband med rygging, påkøyring bakfrå og skadar på parkerte bilar enn elles i mai. Rygg inn når du parkerer og ikkje bruk parkeringshus, om du kan, seier Hofstad-Nielsen.
Her er nokre tips:
- Ta deg god tid når du skal parkere og rygg alltid inn på parkeringa, ikkje ut.
- Ikkje stol blindt på alle funksjonane i bilen, som til dømes ryggekamera. Rørslene til bilen er sjåføren sitt ansvar åleine,
- Nyare bilar og spesielt mange elbilar har god akselerasjon. Ta det pent ut av kryss, ut av rundkøyringar og når du skal «flette» i kø, inn og ut av kollektivfelt eller på motorvegen.
- Køyr alltid pent og etter forholda.
- Og som alltid i trafikken: Hald deg unna mobiltelefonen.
(©NPK)