Gå til sidens hovedinnhold

16 drepne i trafikken i september

Dødstala for septembertrafikken er høge, og vi har «teke igjen» fjoråret.

16 døydde på vegane i september i år mot 2 i fjor. 5 av dei drepne døydde i MC-ulykker, ein av dei i Vestland.

Så langt i år er 70 personer drepne i trafikken i Norge - 4 fleire enn i tilsvarende periode i fjor.

Det viser Statens vegvesens førebelse gjennomgang av dødsulykkene.

MC ulykker dominerer

Det var fem menn i alderen 25 – 46 år som døydde i MC-ulykker i september i år, og fire av dei døydde i utforkøyringar.

– Motorsyklistar er sårbare og spesielt utsette for alvorlege ulykker, seier Guro Ranes, leiar for trafikktryggleik i Statens vegvesen.

Etter ein MC-sesong med færre drepne ved inngangen til september, har vi hatt nesten like mange slike ulykker i september som i resten av året. Likevel er det framleis færre drepne på MC i år enn på same tid i fjor. Så langt i år er 12 personar døde i MC ulykker i Norge, mot fjorårets 16 på same tidspunkt.

– Vi går inn i mørketida med glatte vegar, mykje regn og snart frost og snø mange stader. Tryggleikssmarginane er mindre enn elles, og dette må trafikantene ta omsyn til. Det tenker eg særleg er viktig å merke seg for dei som fortsatt køyrer motorsykkel utover hausten, seier Ranes.

Ein døde i Vestland

Ein mann i 40-åra døde i ei MC-ulykke i Vestland.

Agder, Rogaland og Innlandet hadde to trafikkdrepne kvar, medan det også var ein i kvart av fylka Nordland og Troms og Finnmark.

5 av dei 16 ulykkene hende i Viken fylke, og alle dei som døydde her var menn.

Ingen døydde i september i Oslo, Møre Og Romsdal eller Vestfold og Telemark.

Det var 15 menn og ei kvinne som døydde i trafikken i september, og dei fleste ulykkene var utforkøyrings- og møteulykker.

Kommentarer til denne saken