16,5 milliardar i koronastøtte til bedrifter med auka omsetnad

Av

Bedrifter får korona-støtte sjølv om dei tente meir pengar enn før.

DEL

Også bedrifter som har opplevd ei auka omsetnad under koronakrisa har nytt godt av kontantstøtta frå staten, ifølgje ei oversikt frå Dagens Næringsliv.

Gjennomgangen DN har gjort viser at staten til saman har betalt ut 16,5 milliardar kroner til bedrifter som opplevde ein auka omsetnad i mars eller april. Blant selskapa er nederlandske Rituals som i april auka omsetninga 14 prosent, samtidig som dei fekk 70.000 kroner frå staten.

Totalt har selskapet selt for 28,8 millionar kroner i mars og april i år, mot 27,5 millionar i fjor.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken