Gå til sidens hovedinnhold

14 nye smittetilfelle

Det melder Helse Førde på heimesida si.

FIRDA: Torsdag analyserte Helse Førde 374 prøver. 14 av desse gav utslag for koronaviruset.

Prøvetakingskommunane for dei positive prøvene er Sogndal, Luster, Stad og Vik. Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Fleire i Sogndal har fått påvist smitte etter å ha vore på utestaden Meat Point laurdag.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei vil sende koronaprøvene. Dermed kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Dette er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå Helse Førde sitt område, men berre resultat frå dei prøvene som blir analysert ved Førde sentralsjukehus.

Kommentarer til denne saken