Pixabay, Steve Riot/ Cc

12 tips til kjekke, lærerike digitale aktivitetar for barna

Det finst mange appar og digitale tenester som kan gi læring og pedagogisk utbytte i desse koronatider.
Publisert

Det blir utfordrande dagar for mange småbarnsforeldre, som no skal ta seg av barnehage- og skulebarn heime, samstundes som dei gjerne skal ha heimekontor sjølve.

Eit tips kan vere å bruke digitale hjelpemiddel som er lærerike og morosame på same tid. Det finst mange gode digitale verktøy, og mykje av det er heilt gratis.

Her kjem nokre gode tips:

Salaby – for barnehagebarna

Gyldendal har på grunn av korona-situasjonen opna sine nettressursar barnehage.salaby.no for alle. På desse nettsidene finn ein alderstilpassa innhald, med musikk, film, lytting, oppgåver, små digitale spel og puslespel med meir.
Dette er pedagogisk innhald som mange barnehagar brukar.

Der er ikkje berre digitale aktivitetar, men tema og innhald til samtalar/samlingsstund, temasider ein kan skrive ut og mykje meir.


Tegnekurs med Detektivbyrå nr. 2

Mange kjenner den superpopulære detektivbokserien Detektivbyrå nr. 2 av Jørn Lier Horst og illustratør Hans Jørgen Sandnes. No stiller forlag og teiknar opp med online teiknekurs på dagtid tre dagar den kommande veka. Via direktesending vil Sandnes lære vekk kunsten å teikne Tiril, Oliver og Åtto, før han avsluttar med ei spennande teiknekonkurranse.

Kurset skjer på Detektivbyrå nr. 2 si Facebook-side.

Lese aviser/sjå nyheiter

Mange barn har no mange spørsmål om koronasituasjonen. Difor har Aftenposten Junior bestemt seg for å opne avisa gratis for alle. Der kan barn lese faktabaserte artiklar om mellom anna korona. NRK Supernytt er også ein fin kanal for å lære barna om kva som går føre seg i nyheitsbildet.

Måndag kl. 10.30 skal regjeringa, NRK Supernytt og Aftenposten Junior saman sende ein pressekonferanse retta mot barn. Statsminister Erna Solberg, barneminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og kunnskapsminister Guri Melby (V) deltar på pressekonferansen.

Poio – lære å lese

Den kritikarroste leseappen Poio er eit lesespel som lærer barna bokstavar, staving og lesing, samstundes som dei har det kjekt. Det handlar om leslingane, ni små, søte kryp som alle et ulike bokstavar. I spelet et ein bokstavar, stavar, puslar fram historier, innreier leslingane sitt hus med meir.
Steg for steg lærer ungane stadig meir, og foreldra får e-postrapportar frå Poio-utviklarane om framgangen til barnet sitt. Ein får også varsel når barnet er i ferd med å knekke lesekoden. Ein kan legge inn fleire ulike brukarkontoar på Poio om ein har fleire barn i huset.

(Poio kostar 199 kroner)



Pickatale – barnebøker

Pickatale er ein app der barna både kan lese bøker, eller høyre på lydbøker. Her er det interaktive bøker som skal bringe lesing og underhaldning saman, slik at barnet skal utvikle leselyst og oppleve leseglede.

(Pickatale er gratis i to veker, deretter er det månads- eller årsabonnement)

Letrakids – skrive bokstavar A til Å

Med Letrakids kan barna lære handskrift ved å spore bokstavar med fingeren, lære alfabetet og tal. Spelet passar for barn frå 4 til 8 år. (Finst både til Android og Apple)


Kahoot!

Med Kahoot! kan dei litt større barna sjølv lage quizzar. Ein kan til dømes kombinere bilde og spørsmål, noko som kan støtte språklæring. Engelsk app, men intuitiv og enkel å bruke.

Lingokids – english for kids

App for å lære engelsk, frå 4 år og oppover. (Kun til Apple iPad og iphone)


Dragonbox – matteapp

Norskutvikla matte-app som sidan 2012 har vore ein internasjonal suksess.Finst i mange ulike versjonar, frå den originale for vidaregåande elevar som vil lære algebra, til Dragonbox Numbers som er retta mot 1.-klassingar. (App i Google Play/App Store, kostar pengar. Men mange skulebarn har denne appen på skule-ipaden sin)


Garageband – musikk

Musikkapp der ein kan spele på virtuelle instrument. (Gratis app på Apple iOS)


Loopimal – lag din eigen song

Her kan barna eksperimentere og sette saman klossar og dyr til å bli musikkstykker. (Gratis app på Apple iOS)


Miniklubb Lite – læringsspel med norsk tale

Her kan ein lære om fargar, om klokka, å rekne, rime, engelsk. Passar for barn 4–7 år. (Kjøp i appen, berre lære å regne er gratis)

Andre aktivitetar?

Ein skal sjølvsagt ikkje stire inn i skjermen heile dagen. Her kjem nokre tips til andre aktivitetar ein kan gjere saman for å få dagane til å gå:

Så frø i vinduskarmen, og følg utviklinga saman. Kanskje kan barna plante kvar sine minidrivhus med grønsaker, urter eller blomar.

Brettspel – Monopol, stigespel, Ludo, Alias … Det finst tallause spel for liten og stor.

Baking – Bollebaking eller muffins er relativt enkle oppskrifter som barna kan vere med på.

Lage mat – Ta barna med på matlaginga.

Lage telt – Lag telt av teppe og møblar, så ungane får sitt eiget vesle leikehus.

Kino & Kiosk – Veldig populær leik i heimen vår, som kombinerer rolleleik, økonomi og film. Vi finn ein film vi vil streame, så opnar mamma eller pappa kiosk på kjøkkenet, med eigen disk ut mot stova. Her kan barna handle snacks og drikke hos kioskbetjeninga før kinoen startar, gjerne med leikepengar. F.eks. popkorn og saft – kanskje også godteri om det er laurdag. Så ser heile familien film i lag.

Lage med trolldeig – Oppskrift: 2 koppar mjøl, 1 kopp salt, 1 kopp vatn. Kna den godt saman. Så kan ein lage figurar, handavtrykk, og stikke ut hjarter, stjerner og liknande med kakeformer.
Tips: Ta kvit hobbymåling i deigen, så blir den ekstra kvit. Figurane tørkar du i omnen på bakepapir på 70–80 grader. Det kan ta fleire timar, avhengig av tjukkelse.

Gå på tur – Gå på tur og snakk om kva ein ser i naturen

Les høgt – Kjekt for både store og små.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken