Har du vinterdekk på bilen no, då ......

På tide å skifte dekk.

På tide å skifte dekk. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Piggdekk på bilen er no ulovleg i bruk i område med snøfrie vegar.

DEL

Ein ser framleis bilar med piggdekk kring om på vegane.

– Det kan framleis vere fare for kuldegrader og frost om natta enkelte stader, ikkje minst i høgda. Det er uansett bilførar sitt ansvar å sko seg etter forholda, og vi vet at ein kan oppleve vinterlege forhold sjølv i mai månad, seier Jeanett Tennefoss, bilskadedirektør i Tryg Forsikring.

Nord-Norge har siste frist til 1. mai med å ta av piggdekk, men kravet om tilstrekkeleg veigrep veg tyngre enn fristane for kor tid piggdekk kan brukast.

Køyrer du med piggdekk no utan at føret krev det. er gebyret på 500 kroner. Bilen blir heller ikkje EU-godkjent.

Det er ingen fristar for piggfrie vinterdekk, og mange kjører på slike på berre vegar. Det kan få konsekvensar.

– Piggfrie vinterdekk har dårlegare veggrep, ikkje minst på våt vegbane. Sjølv på tørr veg vil bremselengda vere mykje lenger med piggfrie vinterdekk enn med sommardekk, , seier Tennefoss.

Piggfrie vinterdekk har ein mjukare type gummi enn sommardekk. På våt vegbane risikerer du å få vassplaning ved lågare fart enn med sommardekk.

Artikkeltags