Gå til sidens hovedinnhold

1 av 4 vestlendingar skal på ferie til utlandet i haust

Vi i vest er mest svoltne på å reise på ferie til utlandet i haust, viser ei undersøking Ipsos har gjort for Gjensidige denne veka.

I undersøkinga svarar 25 prosent av dei over 18 år at dei har planar om å reise til utlandet dei neste månadane.

– Ein tredel gjer det for å få forandring, sol og varme, fortel kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

På landsbasis er det nesten ein million nordmenn som har tilsvarande planar. 19 prosent (cirka 175.000 nordmenn) med planar om å feriere i utlandet skal til Spania, 10 prosent til Danmark, 8 prosent til England og 8 prosent til Italia. Dei med høgast inntekt er mest tilbøyelege til å dra til utlandet (35 prosent).

– Dette viser at reiselysta er enormt stor, trass svært høge smittetal og at pandemien framleis ikkje er over, seier Voll.

Samstundes viser rapporten at 70 prosent held seg innanlands i haust, og fleirtalet gjer det av koronarelaterte årsaker .

Barnefamiliar mest reiselystne

Trass i at barn ikkje er vaksinerte og det er mange reglar å halde seg til om karantene, har ikkje det skremt barnefamiliar frå å legge planar. Dei planlegg faktisk i større grad å reise på ferie til utlandet i haust enn gjennomsnittet. Det er ikkje nokon skilnad på motiv og kvar dei skal reise.

– Dette er noko overraskande, vi hadde trudd at færre i denne gruppa ville dra til utlandet, seier han.

I sommar var kvar fjerde førespurnad koronarelatert, og ved Gjensidiges Alarmsentral blei det klart at nordmenn reiste verda rundt igjen, sjølv om ingenting var som vanleg. Tal saker har tredobla seg sidan i fjor sommar. Ein stor del av koronasakene gjeldt folk som ikkje kom seg heim frå feriestaden på grunn av karantene eller sjukdom. Gjensidige registrerte i juli nærare 5.000 skademeldingar, av desse inntil 1.000 saker i utlandet.

Ventar stor pågang i haust

– Desse sakene tek ofte lenger tid og er meir kompliserte på grunn av stadige endringar av reglar og retningsliner i ulike land. Vi forventar at liknande situasjonar vil oppstå for dei som vel å reise til utlandet i haust, seier kommunikasjonssjefen.

Han anbefaler folk å tenke seg om, sette seg svært godt inn i kva som gjeld lokalt, og vere førebudde på at det raskt kan skje endringar.

Gode råd for turen

Gjer deg kjend med landa sine korona-retningslinjer

Husk å ha med det europeiske helsetrygdkortet

Sjekk at pass/passa er gyldige (dato)

Sjekk at reiseforsikringa er ok før avreise

Kommentarer til denne saken