Innhold
Solrik einebustad med stor hage og panorama over sentrum og Sogndalsfjorden.
Andre etasje inneheld 3 soverom, stor stove med utgang til altan, kjøken, bad/dusj, vaskerom og gang. Første etasjen har vore utleigd i det siste og inneheld stor stove, kjøken, bad/dusj, wc, 2 soverom og boder. Stova kan eventuelt delast opp til fleire soverom/hyblar.
Stor utebod/snekkerbod under altan.
Eigedomen har god tilkomst frå Kongabergvegen og har plass til fleire bilar i innkøyrsla.
Adkomst
Frå kommunal veg.
Tomtebeskrivelse
Det opplyste tomtearealet er rettleiande då det ikkje er framlagd målebrev på bnr 165, opplysningane er henta frå Sognekart. Eigedommen er tilkopla offentleg kloakk og vatn. Opparbeida uteområde med plen og hageanlegg. Grunna hellinga på terrenget er det oppført støttemurar mot vegen og bak huset. Desse murane har noko setningsskade, det er og ret. noko utgliding ved altanfundament. Utv. treplatt i hagen, denne har sige.
Standard
Det er gjort ein del oppgradering av bygningen. Skal ein oppnå dagens standard må ein pårekna ein del oppgradering.
Beliggenhet
Romsleg sydvendt tomt med gode lysforhold og pen utsikt over Sogndal sentrum. Eigedommen ligg i det kommunale bustadområdet på Leite i Sogndal. Busetnaden i området er frå 60-70 åra. Kort avstand til sentrumsfunksjonar som skule, barnehage, butikk og offentlege kontor. Området har kort avstand til friområde som skogsterreng og idrettsplass - storhall.
Vei, vann og kloakk
Kommunalt.
Byggmåte
Oppført på fjell og morene. Frostfri sole. Kjellarvegger av betong. Yttervegger i tre. Generelt er det gjort ein del oppgradering av bygningen. M.a. er leilegheit i kjellar nyleg ombygd til dagens planløysing, tidlegare var der hyblar. Baderom på hovedplan vart oppgradert i 1998-99. Skal ein oppnå dagens standard på heile bygningen må ein pårekna omfattande utgifter til oppgradering og utskifting. Det er reg. nokre pnkt. vindauge. Vaskerom på hovedplan er ikkje utført etter dagens våtromskrav. Det er reg. setningar og fuktskade på altan. På grunnmur er det noko saltutslag. Opplysningar om bygningen er i høve normal byggjemåte under oppføring. Eine soverommet i kjellaren har ikkje tilfredstillande lysinfall, rommet var avlåst under synfaringa. Det er tilrettelagt for utleige i kjellar, dette er ombygd i ettertid og etg. skille er ikkje brann og lydisolert.
Energimerking
Energimerke F og oppvarmingskarakter GUL
Regulering
Eigedommen ligg i regulert bustadfelt. Reguleringskartet og reguleringsbestemmelsane er bindande for eigedomane i feltet. Ikkje på gang nye planar i området som vedkjem denne eigedomen.
Fyring / Oppvarming
varmepumpe, Olje, ved, elektrisk og varmebablar på bad.
Prisantyding / kjøpesum: Kr. 3.100.000,- Dokumentavgift 2,5% av prisant Kr. 77.500,- Tinglysingsgebyr for skjøte Kr. 1.548,- Eventuelt panterett pr. stk Kr. 1.935,- Sluttpanteattest Kr. 202,- Total pris basert på prisantyding: Kr. 3.181.185,-
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler. Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte. Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.