Triveleg einebustad med dobbelgarasje på stor tomt. Solrikt, ein del fjordutsikt.
Innhold
Hovudetasjen inneheld:
Stove med utgang til vestvendt terrasse med trapp til hage, kjøkken, tre soverom, bad, vindfang, trapperom til underetasje, gang med luke til kaldloft.
Underetasjen inneheld:
Tre soverom, bad, to boder, hobbyrom/trimrom, gang med trapperom til hovudetasjen. Etasjehøgda i under etasjen er 2,2meter.
Adkomst
Lett tilkomst frå kommunal veg.
Tomtebeskrivelse
Stor, fint opparbeidd tomt med grøntareal og planter, asfaltert tunplass og innkøyrsle.
Standard
Triveleg einebustad, mykje delmodernisert i seinare tid.
Stove: Lys og fin stove med utgang til vestvendt terrasse med trapp vidare til hagen. Her er parkett på golvet, måla panel på veggane og måla plater med spolights i i taket. Store vindauge i fasade mot fjorden gir god utsikt og mykje dagslys.
Kjøkken: Triveleg kjøkken med Ikea innreiing med måla frontar og integrerte kvitevarer. God benke- og skåpplass. Modernisert i 2007. Plass til spisebord på kjøkkenet.
Soverom: Seks soverom i huset, tre i hovudetasjen og tre i underetasjen. Alle romma har laminat på golva. På veggane er det tapet og måla panel. Måla plater i alle taka.
Bad: Fint, flislagt bad i hovudetasjen. Her er flislagt dusjnisje med glasdør, baderomsinnreiing og toalett.
Wc/dusj: Wc/dusj i underetasjen med flislagt golv, baderomsplater på veggane og måla plater i taket.
Vaskerom: Vaskerommet ligg i underetasjen. Her er flislagt golv og betong veggar. Rommet har standard frå byggeåret.
Gang: Både gangen i hovudetasjen og underetasjen har belegg på golvet og måla panel på veggane. Gangen i underetasjen vart oppussa for nokre år sidan, då vart det lagt opp nytt golv frå grunnplata.
Beliggenhet
Eigedommen ligg fint til i eldre, etablert bustadområde. Ein del utsikt mot fjorden, solrikt. Gangavstand på gang og sykkelveg til barnehage, barneskule og nærbutikk. Ca. 10 km. til Høyanger sentrum. Fine turområde like ved.
Vei, vann og kloakk
Offentleg.
Byggmåte
Grunnmuren er delvis av betong med innvendig isolering av Siporex, og delvis av Leca lettklinkerblokk me 2" utforing og tilleggsisolering. I kjellaren er det betonggolv i bodene, wc og vaskekjellaren, andre rom har tilfarargolv. Etasjeskiljet er av trebjelkelag. Ytterveggane over grunnmuren er av 4" isolert bindingsverk med utvendig kledning av trepanel. Takkonstruksjonen har saltakform , og er oppbygd av plassbygde takstolar me c/c 90 cm. Mot kaldloftet er det isolert med 10 cm + 15 cm matter. Taktekkinga er av betongtakstein og undertak av rupanel. Det er montert heildekkande beslag utvendig på skorsteinen. Frå stova er det utgang til ein vestvendt terrasse, under del av terrassen er det delvis ope lagerrom med areal på ca 9 m2. Ved inngangen er det overbygd betongtrapp med skiferbelegg. vindauga har trekarmar med 2-lags glas frå 2007/2008 samt nokre eldre trekarmar med enkle glas i kjellaren.
Sanitæranlegget har vassrøyr av kopar, avløpsrøyr av plast og slukar av soil. Varmtvasstanken vart skifta i 1994, røropplegg ellers har standard frå byggjeåret. Det elektriske anlegget er oppgradert med automatsikringar, men har ellers standard frå byggjeåret.
Garasje:
Garasjen har golv og ringmur av betong. Ytterveggane er av enkel trekonstruksjon med kledning av trepanel. Takkonstruksjonen er plassbygd og har tatekking av betongtakstein utan undertak. Bygningen har to vippeportar. Det er installert enkelt elektrisk anlegg.
Energimerking
Energimerke E og oppvarmingskarakter ORANSJE
Regulering
Regulert for bustad.
Fyring / Oppvarming
- Ny vedovn i stova.
- Varmekablar i golvet på badet i hovudetasjen og i golvet i WC/dusj i underetasjen.
Anna oppvarming er basert på elektriske varmeovnar.