Tidenes comeback

Av

Høgre tilbake 14,3 prosent og Samlingslista fekk 14,1 prosent av stemmene.

DEL

Resultata viser at Høgre mistar seks mandat og står att med sju. Samstundes har Samlingslista og Jacob Nødseth fått 14,1 prosent av stemmene. Det vil seie fem mandat.

– Vi er sjølvsagt veldig skuffa. Det er det ikkje tvil om, seier ein ordknapp Bengt Solheim-Olsen.

– Det er ikkje berre her eg er skuffa. Når eg ser resultatet andre stadar.. Førde også. Det er katastrofe, legg ordføraren til.

– Fantastisk

For to år sidan sat Florapolitikar Jacob Nødseth på Gran Canaria og fekk beskjeden om at han var ekskludert av morpartiet Høgre, som den andre personen i etterkrigshistoria. Måndag kveld var det politiske comebacket eit faktum – på bekostning av nettopp Høgre.

– Dette er heilt fantastisk. Eg blei meir og meir optimistisk gjennom valkampen. Eg sa på valdagen at eg ville bli skuffa om Samlingslista berre fekk eitt mandat. Men når vi no ligg an til ein oppslutnad på over 14 prosent og dermed  kapre fem plassar i bystyret, så er det nesten utruleg, konstaterer den unge, røynde men kontroversielle politikaren.

– De har satsa tungt på helse og omsorg i valkampen. Kor viktig har den eldste delen av veljarmassen vore for dykk?

– Heilt klart viktig. Men mange eldre eg har snakka med peikar også på at Samlingslista har lansert tankar og politikk dei meiner er viktig også for barneborna deira, seier Nødseth.

Solheim-Olsen: Uaktuelt å samarbeide

Men trass i eit valskred og eit solid takk for sist frå Nødseth til gamle partifeller, er det ingen automatikk i at nykomarane kjem til makt. Samlingslista har signalisert at dei gjerne vil samarbeide med alle – men gjennom heile valkampen har denne invitten dels blitt møtt med ei kald skulder. Det er ei problemstilling Nødseth ikkje tek så tung på sigerskvelden.

– Vi føler vi har gjort ein god jobb. Vi har snakka vår politikk, våre løysingar – og ikkje vore så opptekne av dei andre. Det har vi fått betalt for. Eg har med meg ein fantastisk gjeng på Samlingslista og eg gler meg til forsetjinga, seier Nødseth.

På den andre sida svarar Solheim-Olsen slik på spørsmål om samarbeid med Samlingslista:

– Viss du spør om det er aktuelt å samarbeide med Jacob Nødseth er svaret eit rungande nei, med tre utropsteikn! Han stiller liste for å motarbeide Høgre. Det har han gjort i to år. Vi set oss ikkje i same rom som han ein gong, seier ordføraren.

Utelukkar ikkje ordførarposten

Korleis makta og posisjonar vil bli fordelt på rådhuset i kystbyen, er framleis ope. Den tidlegare «firarbanden» i Florapolitikken, beståande av Ap, SV, Senterpartiet og KrF, har ikkje fleirtal. I så fall må dei få Venstre med på laget, som i inneverande periode har regjert i lag med Høgre. Høgre blir uansett den store taparen, sidan dei neppe inngår noko samarbeid der Samlingslista inngår. Den einaste konstruksjonen som kan halde Høgre i posisjon og kanskje få varaordføraren, er ein storkoalisjon med Arbeidarpartiet.

– Det er eit relativt uoversiktleg totalbilde. Vi må prate med dei aktuelle og så får vi sjå kva strategiar vi legg, seier Solheim-Olsen.

– Blir du ordførar dei neste fire åra?

– Det er mindre sannsynleg enn nokon gong dei siste vekene, men det er enno moglegheiter.

Tilbod: Alt digitalt innhald for 10 kroner i 10 veker

Artikkeltags