Var dette folket sin vilje?

Overrasking: Konstellasjonen Høgre, Sp, SV og KrF overraska stort med ein ny maktkonstellasjon heilt tett opp til «deadline». Til høgre sit Høgre-sekretær Ingvar Torsvik Myrvollen. Foto: Arve Solbakken

Overrasking: Konstellasjonen Høgre, Sp, SV og KrF overraska stort med ein ny maktkonstellasjon heilt tett opp til «deadline». Til høgre sit Høgre-sekretær Ingvar Torsvik Myrvollen. Foto: Arve Solbakken

DEL

Det skulle vere ein gledens dag i kommunestyresalen i Svelgen den 1. oktober. Den kommande ordføraren for den nye storkoalisjonen Ap, H, SV og Venstre; valvinnaren Espen Sortevik sat klar i findressen. Han hadde ordna ut med permisjon frå jobben og hadde manna seg opp til oppgåva.

Men ein kunne ta inn gjennom huda med ein gong at noko var gale. Sortevik såg ikkje som ein påtroppande ordførar, men heller som om han skulle i gravferd. Ringside sat Sp-veteran Einar Kjerpeset med eit lurt smil. Høgre-representantane sat med stive blikk og turde ikkje sjå i retning av Ap-benken. Midt blant dei sat Charlotte Skjølberg frå SV.

Avtroppande ordførar Karl Vidar Førde opna møtet med sitt smittande humør og var så vidt komen i gang med formalitetane då Per Røys og Høgre ba om gruppemøte. Det nykonstituerte kommunestyret aula ut i ulike grupperom. Utan den ringaste kjennskap til offentlegheitslova- blei det også helde ei lang rekkje møte på tvers av partia.

Den innvilga halvtimen blei til over timen før ei alvorstyngd forsamling benka seg på ny. Då kom den vi kan rekne med har hatt ei sentral regissør-rolle i dramaet, den svært aktive Høgre-sekretæren, Ingvar Torsvik Myrvollen, inn og sette seg gledesstrålande ringside. Samtidig fekk vi tips frå sentrale Høgre-folk andre stader i fylket om at noko kom til å skje.

Formalitetane som følgde viste at Høgre og SV ikkje stemde etter den skrivne avtalen dei hadde signert med valvinnarane Ap og V.

Audun Åge Røys (H) frå Kalvåg vart vald til ordførar med SV si stemme som overvekt til 12-11.

Hakeslepp er kanskje dekkande for reaksjonen til oss i lokalpressa. Det låg føre ein offentleggjort signert samarbeidsavtale. Kva hadde skjedd?

- Avtalebrot, hevda både Per Røys frå Høgre og Charlotte Skjølberg. På kva då? Ikkje på den skriftlege avtalen, men på underpunkt som var drøfta munnleg om vararepresentasjon i formannskapet.

Per Røys (H) ymta også om misnøye med at Ap hadde starta forhandlingane med at dei ville ha Kåre Jarl Langeland frå Venstre til varaordførar.

Espen Sortevik, Ap og Kåre Jarl Langeland (V) viser til at søndag hadde alle fire partane møte i Kalvåg og gjekk gjennom detaljar i den signerte samarbeidsavtalen. Alt var då i orden og ingen av partane yttra noko misnøye. Ap hevdar at dei ikkje har gjort nokon endringar som kan ha ført til påstandar om avtalebrot. I staden viser dei til det faktum at det ligg føre brot på den skrifteleg samarbeidsavtalen.

Det er påstand mot påstand, som vi ikkje er i stand til å gå etter i saumane.

Spørsmålet er kva skal vi tru ut frå dei fakta vi kjenner til og ut frå det sannaste språket av dei alle, kroppsspråket.

Arve Solbakken

Signala om at noko var gjære dukka opp i det politiske miljøet onsdag kveld. Det var kontakt mellom partane. Ordførarkandidat Audun Åge Røys (H) hadde lova at avtalepartane i samarbeidskonstellasjonen skulle møtast før det konstituerande møtet torsdag morgon. Det skjedde ikkje. I følgje Ap viste Høgre ikkje interesse for kontakt påfølgande morgon. Naturleg nok; fordi vi no veit at dei hadde ein heilt annan avtale i lomma.

Kommunestyret skal i teorien gjenspegle valresultatet. Faktum er at Espen Sortevik (Ap) , Kåre Jarl Langeland (V) og Åge Senneset (V) hadde desidert mest personstemmer og slengarar. I tillegg gjorde begge partia eit svært godt val. Er det respektfullt av dei folkevalde å oversjå valresultatet og ikkje lytte til folket, veljarane?

Kva vil det gjere med interessa for lokalpolitikken når størsteparten av veljarane opplever å ikkje bli tekne på alvor?

Det ser ut som om politikarane etter valet kun er opptekne av eigne posisjonar. Vi veit ikkje kven som snakkar usant i denne saka. Men kroppspråket tyder på at nokon hadde veldig dårleg samvit denne dagen.

Tilbod: Alt digitalt innhald for 10 kroner i 10 veker

Artikkeltags