Personvernpolicy for Firdaposten og Amedia

Denne Personvernpolicy utgjer samen med aID Brukarvilkår (for innloggingstenester) grunnlaget for korleis Firdaposten og Amedia AS, organisasjonsnummer: 980198049 (”Leverandøren”) bruker, behandlar, deler og lagrar personopplysningar og cookie-informasjon som vi samlar inn frå deg, eller som du gir oss, når du inngår avtale med oss om våre tenester og når du besøkjer vår nettstad (”Nettstaden”). Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knyttast til ein enkeltperson.

Vår behandling av personopplysningar skjer innanfor ramma av dei generelle reglane i den norske personopplysningslova med forskrift, samt anna relevant regelverk, som blant anna retningsliner i marknadsføringslova og rekneskapslova.

Det er frivilleg å inngå avtale med oss om kjøp av tenester, besøkje Nettstaden og abonnere på nyheitsbrev mv. Behandlingsgrunnlaget for Leverandørens behandling av dine personopplysningar er såleis ditt samtykke.

Behandlingsansvarleg

Leverandøren er behandlingsansvarleg for verksemda si handtering av personopplysningar.

Kontaktinformasjon

Dersom du ønskjer å kontakte oss, sjå Nettstaden for nærare informasjon.

Behandlingens føremål

Personopplysningar nyttast av Leverandøren til å administrere ditt kundeforhold, til ordrehandtering, gjennomføring av betaling, for å levere deg tenestene, svare på henvendingar frå deg, gjere deg merksam på endringar, og i øvrige sammenhengar der Leverandøren må vite kven vi har kontakt med. Personopplysningar nyttast også til å marknadsføre, tilpasse, forbetre og videreutvikle våre tenester, herunder gi deg relevant informasjon slik at du kan velje dei tenestene som passer deg best, gi deg tilbod, tilrådingar og sende deg nyheitsbrev, samt sørgje for at du får relevant innhald og tilpassa marknadsføring.

Opplysningar som kan bli samla inn

Kva personopplysningar Leverandøren behandlar om deg avheng av din bruk av våre tenester, og kan inkludere blant anna ditt fulle namn, e-postadresse, bustadadresse, telefonnummer, fødselsdato, kjønn, betalingsinformasjon, korrespondanse, svar på brukerundersøkingar, informasjon om programvare og hardware du nyttar og din bruk av våre tenester, herunder IP-adresse.

Opplysningane blir samla inn når du:

  • - registrerer deg og nyttar våre tenester
  • - gjer endringar i informasjon på Min Konto
  • - gjennomfører betaling, herunder for å kontrollere at betalingskortet er gyldig
  • - tar kontakt med oss
  • - abonnerer på vårt nyheitsbrev
  • - svarer på kundeundersøkingar eller deltar i konkurransar
  • - tilrår eller tek imot tilråding om våre tenester frå venner
  • - besøkjer Nettstader

Deling av informasjon

Vi deler dine opplysningar med dei av våre samarbeidspartnarar som deltek i vår leveranse av tenester til deg. Opplysningane delast berre i den utstrekning det er naudsynt for å levere tenesta til deg. Tredjepartane er pålagt å behandle dine persondata i samsvar med gjeldande regelverk og denne Personvernpolicy.Du samtykkjer til at Leverandøren og andre selskap i Amedia-konsernet kan gi deg informasjon om varer og tenester som kan vere av interesse for deg. Vi vil kunne kontakte deg via e-post, post eller telefon. Du kan når som helst kontakte oss dersom du ikkje lenger ønskjer å ta imot tilbod, nyheiter eller informasjon frå oss. Side 1 av 2Personvernpolicy AmediaDine opplysningar vil også kunne bli utlevert i lovpålagde tilfeller, som ledd i betalingsinnkrevjing (inkasso), rekneskapsbehandling, eller som følgje av pålegg frå relevant offentleg myndigheit.

Lagring og sikkerheit

Dine opplysningar kan bli overført og lagra på ein stad utanfor EØS eller bli behandlet av personell som arbeider utanfor EØS, for eksempel i samband med bestilling, betaling eller support. Ved å avgi dine personopplysningar, aksepterer du slik overføring, lagring og behandling. Leverandøren vil treffe naudsynte tiltak for å sikre at dine personopplysningar blir behandla sikkert og i tråd med denne Personvernpolicy.

Leverandøren har etablerte prosedyrer for å handtere din informasjon på ein sikker måte. All informasjon om deg vil bli lagra på sikra serverar, og vi gjer vårt beste for å sikre all informasjon frå deg på best mogleg måte. Det er likevel slik at informasjon som vert overført via Internett ikkje er fullstendig sikra, og vi kan difor ikkje garantere mot uautorisert tilgang. Overføring av dine opplysningar til oss via Nettstadem skjer difor på eigen risiko. Alle betalingstransaksjonar blir kryptert med teknologi som held industristandard. Det er viktig at du held passordet som gir tilgang til din konto hos oss hemmeleg, dette er ditt ansvar.

Innsyn, endring og retting av informasjon, reservasjon

Etter personopplysningslovas reglar har du rett til innsyn i eigne personopplysningar. Dersom opplysningane vi har om deg er feil, kan du krevje å få opplysningene retta, supplert eller sletta. Enkelte opplysningar kan du sjølv korrigere ved å logge inn på ”Min Konto” på Nettstaden. For å sikre at personopplysningar vert utlevert til rett person, kan Leverandøren stille krav om at kravet om innsyn skjer skriftleg eller at identitet vert verifisert på annan måte.

Etter personopplysningslovas § 28 skal opplysningar som ikkje lenger er naudsynt ut frå det føremål dei er lagra for, slettast. Leverandøren lagrar personopplysningar etter den eikvar tid gjeldande lovgiving.

Du kan reservere deg mot at opplysningar blir nytta til marknadsføring.

Logging av trafikkdata, bruk av informasjonskapslar (”cookies”) på Leverandørens nettsider

Leverandøren kan nytte informasjonskapslar (”cookies”) og annan teknologi som loggar opplysningar om bruk av tenestene og Nettstaden, for å analysere brukarmønsteret og for å tilpasse tenester og annonsering. Informasjonskapslar er tekstfiler som Nettstaden lagrar på di datamaskin. Filene kan kun lesast av Leverandøren og av deg sjølv, og nyttast til dømes for å sjå om du har besøkt Nettstaden tidlegare, tidspunktet for besøket samt kva annan nettstad du kom frå. Du kan hindre at informasjonskapslar vert lagra på datamaskina ved å endre innstillingane i nettlesaren. Dette kan likevel påverke funksjonaliteten og kvaliteten på Nettstaden og tenestene.

Endringar

Den til eikvar tid gjeldande Personvernpolicy vil vere tilgjengeleg på Nettstaden. Ved vesentlege endringar i denne Personvernpolicy vil vi informere om dette på Nettstaden, samt informere deg som er kunde i samsvar med bestemmingane om endringar i Brukarvilkåra.