...
Ballen på veg i mål etter Halvor Solheim-Olsen vann luftduellen inne i feltet, og Florø tek leiinga mot Molde. Foto: Jan Roar Hatlem

Jubeldag for Florø Fotball

Både a-laget og juniorlaget vann klart på "super-laurdagen"

Jan Roar Hatlem
Jan Roar Hatlem Profil E-post
Publisert 18.08.2012 kl 22:00 Oppdatert 18.08.2012 kl 22:18

Tips ein venn på e-post:

Å ri to hestar samtundes er ikkje lett, og mange har feila i forsøket. Men Florø Fotball klarte kunststykket med glans. 3-0 over Sotra med ei reserveprega lag blei ytterlegare toppa med heile 4-0 over Molde i juniorcupens 4. runde. 18. august 2012 går over i historia som ein av dei absolutt største dagane i Florøfotballens historie.

"B-gjengen" innfridde

Sotra kom best i gang mot det noko reserveprega Florø-laget i 3. divisjonskampen som innleia super-laurdagen. Florø verka nervøse og det tok litt tid før laget kom i gang. Men gjestane sleit med å komme til dei store sjansane, og etter å ha rista av seg ned nervøse opninga kom heimelaget meir og meir med, og etter ein snau halvime sendte Simen Reksten Solheim heimelaget i føringa.

Fem minuttar før pause dobla formsterke Mats Hovland leiinga. Eikefjordingen har for alvor funne skåringaforma. Så seint som torsdag noterte han seg for to nettkjenningar då andrelaget vann 4-1 mot Hornindal, og for ei veke sidan sikra han alle poenga med ei skåringa på tampen av oppgjeret mot Tornado Måløy.

Gode debutantar

Både Simen Halvorsen og Martin Orheim var på plass i startoppstillinga, og dei to fekk med det debuten i 3. divisjon. Begge leverte solide prestasjonar, og viste med det noko av den store bredda som er i laget for tida.

Halvorsen krona debuten då han midtvegs i andre omgang slo ei nydeleg gjennombrotspasning som sendte Kim Vik åleine med Sotra-keeperen. Åleine med sisteskansen gjorde den tidlegare Eid-spelaren ingen feil og avgjorde kampen med si 3-0 skåring.

Eivind Nybakk er tilbake i Florø etter tre års studiefråvær, og han fekk spele det siste kvarteret. Mot slutten fekk også 16 år gamle Torde Hovden nokre minuttar og han blei med det dagens tredje debutant.

Men fleire skåringar blei det ikkje i det som til slutt blei ein komfortabel 3-0 siger til Florø, og ei perfekt oppladning til juniorkampen mot Molde.

Jamspelt

Og det såg ut til at det sterke resultatet inspirerte. For Florø gjekk hardt ut og kom til ein kjempesjanse allereie i det første speleminuttet. Minuttar seinare hadde dei også ein ball i nota, men den "skåringa" blei korrekt annulert for offside.

Men deretter jamna det seg ut. Molde kom meir og meir med og hadde ballen mykje i store delar av første omgang. Men dei sleit med å komme til store sjansar mot eit godt organisert og hardt kjempande heimelag. Nærmast var dei etter eit fint angrep knappe ti minuttar før halvtid, men avslutninga gjekk utanfor.

Florø kom heller ikkje til dei klokkeklare sjansane, og første omgang ebba ut med 0-0.

Effektive

Halvor Solheim-Olsen har for alvor markert seg denne sesongen, og skulle bli sentral også i denne kampen. Han fekk den første store sjansen i andre omgang, men Molde-keeper avverga med ei god beinparade.

Men minuttar seinare måtte Moldes sisteskanse kapitulere, og igjen var det Solheim-Olsen. 18-åringen vann luftduellen inne i feltet etter eit innlegg frå høgrekante og heada Florø i føringa.

Berre tre minuttar seinare jubla Molde for det dei trudde var utligning, men skåringa blei annluert for det dommaren meinte var angrep på Florø-keeper Knut-Marius Kvammen. Molde-spelarane protesterte heftig og meinte at det var ein Florø-spelar som kolliderte med Kvammen, men til ingen nytte.

Då låg kampen og vippa, men med 20 minuttar igjen på stadionuret dobla Solheim-Olsen leiinga.

Satsa alt

Molde gav ikkje opp, og var uhyre nær redusering etter eit hjørnespark kvarteret før slutt. Men den offensive satsinga etterlot seg store rom bakover, og like etter snappa Kristoffer Book eit tilbakespel og sørga enkelt for 3-0.

Molde burde redusert nokre minuttar seinare, men avslutninga frå god posisjon enda langt over. Det såg ut til å ta det siste motet frå slagne Molde-spelarer og Florø fekk overgangsmoglegheiter dei siste minuttane.

På overtid fekk Peter Aase sjansen til å sørge for den perfekte avslutninga i Florø-drakt. Han blei som kjent utvist i seriekampen mot Eid for nokre veker sidan, og fekk då tre kampars karantene. Det forsinka overgangen til Sogndal, og gjorde at han fekk sjansen i dag.

Han leverte som vanlig solid innsats, og krona det heile med å fastsette sluttresultatet til 4-0. Ei praktfull gjennombrotspasning etter ein overgang sendte han åleine med keeper, og den kommande Sogndal-spelaren gjorde ingen feil.

Dermed er Florø klare for kvartfinale, saman med sterke lag som mellom anna Brann, Viking og Rosenborg. Kven motstandaren blir og om det blir ein ny heimekamp blir truleg klart i løpet av neste veke.

Lykkerus

Trenar Geir Rindheim var strålande nøgd etter dei to sterke triumfane.

- Vi satsa på to hestar samstundes, og hadde sjølvsagt ein draum om å lykkast i begge kampane, men dette var langt over det vi kunne forvente. Eg har nesten ikkje ord som kan beskrive kor stolt eg er akkurat no, smilar han og meiner ein periode midtvegs i andre omgang blei avgjerande.

- Vi fekk det viktige førstemålet, og så får dei annulert si skåring. Like etter kjem så 2-0, og dei to siste kjem som eit resultat av at Molde satsa alt framover.

Kampfakta

Florø - Molde 4-0 (0-0)
4. runde NM G19

1-0 63 min Halvor Solheim-Olsen
2-0 70 min Halvor Solheim-Olsen
3-0 78 min Kristoffer Book
4-0 90 min Peter Aase

Gult kort Florø: Peter Aase

Florø: Knut-Marius Kvammen, Runar Helland Aamot, Runar Hove, Aksel Knapstad, Anders Sørensen, Peter Aase, Aksel Bauge (Erik Selaas frå 80 min), Simen Hamre (Dino Omerovic frå 89 min), Kristoffer Ryland, Kristoffer Book (Kristian Rindheim frå 88 min), Halvor Solheim-Olsen (Kristoffer Sigdestad frå 70 min)

Reultat 3. div avd 08. 17. serierunde

Bergen Nord - Øystese 2-5
Florø - Sotra 3-0
Radøy/Manger - Førde 2-8
Årdal - Stryn 2-0
Saga - Vik 3-4

Voss - Tornado Måløy og Eid - Fyllingsdalen 2 blir spelt søndag

Førde toppar framleis tabellen, ti poeng føre Florø som avanserte til andre plass. Voss kan ta den tilbake om dei vinn mot Tornado Måløy.

Tornado Måløy, Bergen Nord og Eid ligg framleis under streken.

Resultat 4. runde NM G19

Brann - Bryne 5-0
Rosenborg - Levanger 3-1
Lørenskog - Sortland 4-0
Viking - Sandnes Ulf 6-1
Sarpsborg 08 - Lillestrøm 5-3
Odd - HamKam 5-1
Florø - Molde 4-0
Strmsgodset - Skeid blir spelt søndag

Kvartfinalane skal spelast 8-9. september

Toppscorarlista for Florø Fotball (kun seriekampar, 3. div)

Kristoffer Book 12
Christer Husa 6
Halvor Solheim-Olsen 5
Kristoffer Ryland 4
Mats Hovland 2
Aksel Knapstad 2
Andre Reksten 2
Simen Reksten Solheim 2
Kim Vik 2
Peter Aase 2
Stefan Aase 2
Simen Hamre 1
Runar Hove 1
Kristoffer Sigdestad 1
Stian Tansø 1
Sjølvmål 1

...
Mildt sagt god stemning i garderoben etter cuptriumfen mot Molde Foto: Jan Roar Hatlem
...
Peter Aase spelte sin siste kamp for Florø og det siste sparket i blåsvarte enda med skåring. Ikkje rart at den kommande Sogndal-spelaren var populær blandt autograf-jegerane. Foto: Jan Roar Hatlem
...
Mats Hovland fekk sjansen på topp mot Sotra, og leverte ein god kamp. Han sørga for det viktige 2-0 målet like før pause. Foto: Jan Roar Hatlem
...
Simen Halvorsen debuterte i 3. divisjon, og markerte det med godt spel og ei målgjevande pasning. Foto: Jan Roar Hatlem

Florø - Sotra 3-0 (2-0)

  • 3. div avd 08, 17. serierunde
  • Florø Stadion. Tribune: Omlag 180
  • 1-0 29 min Simen Reksten Solheim
  • 2-0 40 min Mats Hovland
  • 3-0 66 min Kim Vik
  • Gule kort: Andre Reksten, Florø. Martin Gudvangen, Sotra
  • Florø: Tommy Løkkebø, Martin Orheim, Simen Reksten Solheim, Andre Reksten, Martin Solheim-Olsen, Binyan Bereket, Simen Halvorsen (Eivind Nybakk frå 74 min), Kristoffer Orheim, Kristoffer Sigdestad (Tord Hovden frå 87 min), Kim Vik, Mats Hovland (Kevin Karlsen frå 81 min)

Omtalte lag og spillere



lørdag

25

august

Tornado Måløy - Eid 2 - 1

3. divisjon Avdeling 08 2012 - lørdag 25. august kl 16:00, Måløy Stadion

Les kampreferat

På forsiden nå


...

Vinn Margaret i kveld?

Lokalnytt Svensk musikkredaktør er imponert over den norske innstillinga til Eurovision Song Contest. Les meir

...

Svært roleg feiring

Lokalnytt Skal ein dømme etter politiet sin logg. Les meir

BILDE: Ein sommardag i mai

...

Firdaposten tok seg ei runde i byen for å sjå kva folk brukte det fantastiske vêret pinseaftan til.

Sjå bilete

...

Og kulturprisen går til....

Kultur I 2012 gjekk den til fotballen. I år handlar det om øl! Les meir

Til Grasrotandelen

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.