...
Florø fotball sitt 3. divisjonslag feirar mål på Florø stadion. Arkivfoto. Foto: Jan Roar Hatlem

Klart for super-laurdag

Laurdag skal Florø fotball spele to kampar med berre ein time pause, i junior-cupen mot Molde og 3. divisjon mot Sotra.

Jan Roar Hatlem
Jan Roar Hatlem Profil E-post
Publisert 17.08.2012 kl 22:41 Oppdatert 17.08.2012 kl 23:31

Tips ein venn på e-post:

Florø Fotball får seg litt av ein test når dei laurdag skal ut i to kampar med berre ein liten times mellomrom.

Først ut, med avspark kl 14.00, er a-laget som tek i mot Sotra til den 17. serierunda i 3. divisjon. Deretter, med avspark kl 16.30, skal juniorlaget i aksjon mot Molde i 4. runde i NM G19. Ingen overdrivelse å sei at det no kjem vel med å ha ein stor tropp å plukke spelarar frå.

Kan passere fjoråret

Sjølv om Florø i haustsesongens første heimekamp måtte nøye seg med poengdeling mot Fyllingsdalen 2 har laget levert bra etter at serien tok til igjen. For laget har henta seks poeng på dei to bortekampane i Nordfjord, totalt er det no sanka 33 poeng og det er faktisk identisk med det laget stogga på ved sesongslutt i fjor.

Tre av poenga kom i bortemøtet mot Sotra. Florø vann der 4-2, noko som var sesongens første bortesiger. Stefan Aase, Kristoffer Ryland, Kristoffer Book og Christer Husa stod for skåringane.

Florø ligg på 3. plass og står med respektable 5-1-2 og 20-8 på heimebane, men det er faktisk svakast av laga som ligg topp sju på tabellen.

Bortesvake

Sotra ligg på 7. plass, 10 poeng bak Florø men er likevel mellom laga som står med ein sterkare statistikk på heimebane. Det er berre nettopp Florø som har fått med seg alle poenga.

Men på bortebane er statistkken langt mindre imponerande, 1-1-6 og 8-27 er tredje svakast i avdelinga. Kun dei to botnlaga Bergen Nord og Eid har endå svakare tal å vise til. Dei klarte uavgjort i Stryn, før dei sikra sesongens første bortetrium mot Bergen Nord for to veker sidan.

Men laget har vunne tre strake etter at haustsesongen tok til, og kjem frå ein imponerande 5-1 triumf heime mot Årdal.

Tøff cupkamp

Florø starta vegen mot 4. runde i juniorcupen med å vinne 6-1 borte mot Volda, før Førde blei sendt heim med 9-2 i bagasjen. I 3. runde blei det ny bortekamp, og laget vann 5-2.

No er det Molde som kjem til Florø, og det blir utvilsomt ein tøff test for dei blåsvarte. Dei starta med to bortekampar, og vann først 3-1 mot Træff og vidare 3-0 mot Kristiansund. I 3. runde fekk dei heimekamp mot Hødd, og vann der 2-1.

- Eg har god kjennskap til Molde og måten dei spelar på, fortel trenar Terje Rognsø som gler seg til "super-laurdagen". - Det er eit godt lag med fleire landslagsspelarar, i spelestil ganske like oss. Mange av våre er vande med spel i 3. divisjon, det blir nok mindre fysisk skilnad når dei no får møte eit lag med jamaldrande spelarar. Det blir sjølvsagt ei utfordring med to kampar så tett, men sjølv om vi prøvar å ri to hestar samstundes har vi godt håp om å kunne prestere bra i begge oppgjera, fortel han vidare.

Nokre av kampane i 4. runde er allereie avvikla, og sterke lag som Rosenborg, Brann og Viking er klare for kvartfinalane.

Få skadeproblem.

Heldigvis er det kun Christer Husa som er uaktuell grunna skade, og det gjer at trenar-temaet har satt saman to robuste og spanande spelartroppar. Martin Orheim, Simen Halvorsen og Tord Hovden er inkludert i a-lagstroppen og kan få sin debut i 3. divisjon. Eivind Nybakk er tilbake i Florø og aktuell for eit comeback, tilbake er også Henrik Bortheim etter førstegangstjeneste og venstreback Thor Henning Brandsøy som braut foten i fjor sommar er også med i a-troppen.

Følgande spelarar er tatt ut til dei to kampane:

A-lagstroppen mot Sotra, 17. serierunde

Tommy Løkkebø, Joachim Husevåg, Martin Orheim, Kristoffer Orheim, Simen Halvorsen, Tord Hovden, Simen Reksten Solheim, Kristoffer Sigdestad, Martin Solheim-Olsen, Binyan Bereket, Kim Vik, Henrik Bortheim, Mats Hovland, Eivind Nybakk, Walter Høyvik jr, Kevin Karlsen, Andre Reksten og Thor Henning Brandsøy.

Troppen mot Molde, 4. runde G19 NM

Knut-Marius Kvammen, Joachim Husevåg, Emil Aadland, Kristian Rindheim, Runar Hove, Erik Selaas, Joachim Tunheim, Dino Omerovic, Simen Hamre, Aksel Knapstad, Runar Helland Åmot, Aksel Bauge, Kristoffer Book, Halvor Solheim-Olsen, Kristoffer Ryland, Peter Aase, Anders Sørensen og Kristoffer Sigdestad.

17. serierunde

Bergen Nord - Øystese
Radøy/Manger - Førde
Florø - Sotra (laurdag kl 14.00)
Årdal - Stryn
Saga - Vik
Voss - Tornado Måløy
Eid - Fyllingsdalen 2

4. runde G19 NM

Brann - Bryne 5-0
Rosenborg - Levanger 3-1
Lørenskog - Sortland 4-0
Viking - Sandnes Ulf 6-1

Florø - Molde (laurdag kl 16.30)
Odd - HamKam
Sarpsborg 08 - Lillestrøm
Strømsgodset - Skeid


Toppscorarlista for Florø Fotball (kun seriekampar)

Kristoffer Book 12
Christer Husa 6
Halvor Solheim-Olsen 5
Kristoffer Ryland 4
Aksel Knapstad 2
Andre Reksten 2
Peter Aase 2
Stefan Aase 2
Simen Hamre 1
Runar Hove 1
Mats Hovland 1
Kristoffer Sigdestad 1
Simen Reksten Solheim 1
Stian Tansø 1
Kim Vik 1
Sjølvmål 1

Tabellen 3. div 08

  • 1. Førde 43 poeng
  • 2. Voss 33 poeng
  • 3. Florø 33 poeng
  • 4. Fyllingsdalen 2 30 poeng
  • 5. Øystese 26 poeng
  • 6. Årdal 26 poeng
  • 7. Sotra 23 poeng
  • 8. Vik 23 poeng
  • 9. Stryn 21 poeng
  • 10. Radøy/Manger 19 poeng
  • 11. Saga 18 poeng
  • 12. Tornado Måløy 16 poeng
  • 13. Bergen Nord 8
  • 14. Eid 6 poeng

Omtalte lag og spillere



lørdag

11

august

Stryn - Bergen Nord 4 - 1

3. divisjon Avdeling 08 2012 - lørdag 11. august kl 15:00, Stryn Stadion

Les kampreferat

På forsiden nå


...

Tilrår seks politidistrikt

Lokalnytt Onsdag vart framlegg til ny organisering i politiet overlevert til Justisdepartementet. Analysen føreslår seks politidistrikt i heile landet, med region Vest beståande av fylkene Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Les meir

...

Skal trø seg trygge i trafikken

Sport – Det er framleis mogleg å melde seg på årets sykkelskule, seier leiar Geir Kristiansen i Florø CK. Les meir

...

Meiner bystyret braut lova

Lokalnytt Fleire bystyrerepresentantar krev lovlegkontroll av vedtaket om å lukke møtet om avlastingstilbodet til Joakim Osland (18). No har dei bede Fylkesmannen sjå på saka. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.