...
Aksel Knapstad sørga for den viktige 1-1 skåringa etter ein halv times spel. Her frå oppgjeret mot Radøy/Manger tidlegare i år. Arkiv Foto: Jan Roar Hatlem

Heldig siger i Måløy

Heimelaget var spelemessig best, men Florø stakk likevel av med alle poenga

Jan Roar Hatlem
Jan Roar Hatlem Profil E-post
Publisert 11.08.2012 kl 19:06 Oppdatert 11.08.2012 kl 20:54

Tips ein venn på e-post:

Bortekampen mot Tornado Måløy blei akkurat så tøff og vanskelig som det var grunn til å forvente, men for første gong sidan 2007 kunne Florø likevel juble for siger.

- Eg skal være så ærleg å sei at vi var heldige i dag. Hadde eg vore trenar for heimelaget ville eg følt meg snytt for minst eit poeng, vedgår trenar Geir Rindheim.

Kom bakpå

Etter ei jamn opning var det heimelaget som fekk det første målet. John Martin Gil skåra etter at eit hjørnespark blei stussa inn i feltet. Knapt midtvegs i første omgang fekk Florø straffespark, men Halvor Solheim-Olsen sendte ballen i stolpen.

Men skåringa skulle likevel komme. Tornado Måløy fomla med å få klarert unna, og høgrebacken Aksel Knapstad var frampå og sørga for at laga var like langt. Like før pause var heimelaget nære ved å ta tilbake leiinga, men Gil sette først ballen i stolpen før han like etter avslutta like utanfor.

Vann mot spelets gang

Florø starta bra i andre omgang, men heimelaget tok over og dominerte store deler av dei siste 45. Men utan uttelling gjekk det mot poengdeling på Måløy Stadion.

Men sekundar før slutt ville Florø det annleis. Etter ei god kontring med mange spelarer involvert var det til slutt innbyttaren Mats Hovland som mot spelets gang sørga for vinnarmålet. Det var det første målet i 3.divisjon for Hovland i år, og no har heile femten Florø-spelarer notert seg på skåringslista denne sesongen.

Nøgd

- Vi var heldige i dag, men det er slikt som jamnar seg ut over ein sesong. Vi har vore med på det motsatte også, smilar Geir Rindheim som leia laget i dag.

- Vi missa på eit straffespark og hadde våre sjansar, men Tornado Måløy kjempa godt og hadde dei fleste sjansane. Vi har ikkje vunne her sidan 2007, og visste at dette ikkje er den lettaste bana å komme til. Eg følar med trenaren Jon Georg Rutledal i dag. Dei ligg utsett til på tabellen og må nok belage seg på å ta dei fleste poenga heime om dei skal overleve i divisjonen. Og dei hadde nok fortent minst eit poeng i dag.

Men desto meir kjekt for spelargruppa vår, som kjempa og verkelig hadde lyst på tre poeng, held han fram og vedgår at dei saknar Aase-tvillingane på midtbana.

- Vi sleit litt med å finne rytmen offensivt, og det går utover det defensive også. Vi har litt andre spelartypar no, og har mista litt når det gjeld gjenvinning og ballpress der vi var ekstremt bra. Der har vi litt å jobbe med no.

Unødige kort

Florø fekk nokre gule kort på slutten, dei fleste etter munnbruk. - Spelarane klaga på at dommaren gjorde feil, og det kan godt være. Men alle gjer feil, og vi veit at dommarene sler ned på munnbruk. Vi skal ikkje pådra oss gule kort for denslags, avsluttar ein likevel særs godt nøgd trenar.

Suverene

Vik hang brukbart med i første omgang, men måtte til slutt sjå at Førde vann heile 8-3. Førde har no ti poengs forsprang og ser ut til å cruise mot siger i avdelinga.

Florø har no 33 poeng, og det er faktisk det samme som dei hadde ved sesongslutt i fjor. Laget er framleis på tredje plass, men er no a poeng med Voss som tapte 0-2 mot Fyllingsdalen 2. Tornado Måløy er tilbake under streken, der ligg også Bergen Nord og Eid som begge får det stadig tyngre med tanke på fornya divisjonskontrakt.

Resultat 16. serierunde

Sotra - Årdal 5-1
Eid - Saga 1-2
Førde - Vik 8-3
Stryn - Bergen Nord 2-1
Øystese - Radøy/Manger 3-0
Fyllingsdalen 2 - Voss 2-0
Tornado Måløy - Florø 1-2

17. serierunde (17-19.august)

Bergen Nord - Øystese
Radøy/Manger - Førde
Florø - Sotra
Årdal - Stryn
Saga - Vik
Voss - Tornado Måløy
Eid - Fyllingsdalen 2

Toppscorarlista for Florø Fotball (kun seriekampar)

Kristoffer Book 12
Christer Husa 6
Halvor Solheim-Olsen 5
Kristoffer Ryland 4
Aksel Knapstad 2
Andre Reksten 2
Peter Aase 2
Stefan Aase 2
Simen Hamre 1
Runar Hove 1
Mats Hovland 1
Kristoffer Sigdestad 1
Simen Reksten Solheim 1
Stian Tansø 1
Kim Vik 1
Sjølvmål 1

Tornado Måløy - Florø 1-2 (1-1)

  • 3. div. avd. 08. 16. serierunde.
  • Måløy Stadion. Tribune: Omlag 185
  • 1-0 15 min John Martin Gil
  • 1-1 30 min Aksel Knapstad
  • 1-2 89 min Mats Hovland
  • Gule kort: Endre Kupen, Martin Flåten, Eirik Rutledal, Tornado Måløy. Simen Reksten Solheim, Andre Reksten, Kristoffer Ryland, Kristoffer Book, Aksel Knapstad
  • Florø: Tommy Løkkebø, Aksel Knapstad, Runar Hove, Andre Reksten, Anders Sørensen, Kristoffer Sigdestad. Simen Reksten Solheim (Mats Hovland frå 75 min), Kristoffer Ryland, Kristoffer Book, Kim Vik, Halvor Solheim-Olsen (Martin Solheim-Olsen frå 70 min)

Omtalte lag og spillere



lørdag

11

august

Fyllingsdalen 2 - Voss 2 - 0

3. divisjon Avdeling 08 2012 - lørdag 11. august kl 16:00, Varden Amfi

Les kampreferat

På forsiden nå


...

Fekk millionkontrakt på fôrfabrikk i Trøndelag

Lokalnytt Fokus Elektro har inngått fleire store kontraktar, og har no rekordstor ordrereserve, fortel dagleg leiar Svein Nødseth. Selskapet skal mellom anna jobbe på Marine Harvest sin nye fôrfabrikk i Bjugn. Les meir

...

Listetopp vitja verftet

Lokalnytt – Vi er her for å lære om industrien i Florø og kva dei meiner vi burde legge vekt på i partiprogrammet, seier Trude Brosvik. Les meir

...

Gudsteneste 520 meter over havet

Lokalnytt Måndag heldt Tore Myklebust friluftsgudsteneste 520 meter over havet, med panoramautsikt over Svelgen som bakteppe. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.