Møter revansjesugent heimelag
Florø set denne helga turen til Måløy, der heimelaget Tornado Måløy ventar. Og det er nok eit revansjesugent heimelag som ventar på Måløy Stadion. For det omvendte oppgjeret på Florø Stadion enda med heile 6-2 til dei blåsvarte. Kristoffer Book den store helten med heile fire scoringar, dei andre skåringane kom ved Christer Husa og Peter Aase.
Skuffa
Tornado Måløy var tippa på øvre halvdel, men har så langt hatt ein noko skuffande sesong. Laget ligg nede på ein 11. plass, berre poenget over nedrykksstreken. Heime står dei med 3-0-4 og 11-13, og det er heller svake tal for det normalt heimesterke mannskapet. Men dei har likevel vunne dei to siste heimekampane mot Radøy/Manger og Bergen Nord. Tidlegare i sesongen vann dei heile 4-0 over Voss, men både Årdal, Fyllingsdalen 2, Stryn og Førde har reist frå Måløy med full pott i bagasjen. Sist helg tapte nordfjordingane 0-3 i Årdal.
Sler tilbake?
Florø måtte nøye seg med 2-2 og poengdeling i heimemøtet mot Fyllingsdalen 2-2
sist helg. Det såg lyst ut etter to kjappe skåringar tidleg i andre omgang,
men gjestane kom tilbake og fekk med seg eit poeng. Dermed tapte det unge
heimelaget terreng til Voss i kampen om andre plass på tabellen, og ligg no
tre poeng bak.
Florø er likevel inne i ein god stim, og har no åtte kampar på rad utan tap.
Vi må tilbake til 19. mai for å finne det siste tapet. På bortebane har det
også gått rimeleg bra, 4-2-1 og 21-15 blir berre toppa av topplaga Førde og
Voss. Tapet kom mot Øystese, det blei full pott mot Sotra, Vik, Voss og Eid
medan det enda med poengdeling mot Fyllingsdalen 2 og Bergen Nord.
Vanskelig bortekamp
Vi må tilbake til 2007 for å finne den siste Florø-sigeren i Nordfjord-byen. Den gongen vann bruntrøyene 3-1 etter to mål av Christer Husa og eit av Kjetil Søvik. Statistikken frå 1999 og framover er likevel relativt jamn med 5-3-3, men nordfjordingane står med tre strake.
Resultat tilsvarande kamp frå perioden 1999-2011:
2011: Tornado Måløy - Florø 3-1
2010: Tornado Måløy - Florø 1-0
2009: Tornado Måløy - Florø 12-0
2008: Tornado Måløy - Florø 0-0
2007: Tornado Måløy - Florø 1-3
2005: Tornado Måløy - Florø 1-1
2004: Tornado Måløy - Florø 11-1
2003: Tornado Måløy - Florø 0-1
2001: Tornado Måløy - Florø 2-0
2000: Tornado Måløy - Florø 1-1
1999: Tornado Måløy - Florø 1-2
Husa ute
Christer Husa måtte forlate bana etter ei stygg takling i oppgjeret mot Fyllingsdalen 2, og er uaktuell til denne kampen. I verste fall blir den rutinerte venstrebacken ute i lang tid framover. Simen Hamre er heller ikkje klar.
Troppen ser slik ut:
Tommy Løkkebø, Joachim Husevåg, Aksel Knapstad, Martin Hollevik , Mats Hovland, Andre Reksten, Anders Sørensen, Simen Reksten Solheim, Kristoffer Sigdestad, Kim Vik, Kristoffer Book, Halvor Solheim-Olsen, Kristoffer Ryland, Aksel Bauge, Martin Solheim-Olsen og Runar Hove.
16. serierunde
Stryn - Bergen Nord
Øystese - Radøy/Manger
Førde - Vik
Eid - Saga
Tornado Måløy - Florø (kl 16.00)
Sotra - Årdal
Fyllingsdalen 2 - Voss
Toppscorarlista for Florø Fotball (kun seriekampar)
Kristoffer Book 12
Christer Husa 6
Halvor Solheim-Olsen 5
Kristoffer Ryland 4
Andre Reksten 2
Peter Aase 2
Stefan Aase 2
Simen Hamre 1
Runar Hove 1
Aksel Knapstad 1
Kristoffer Sigdestad 1
Simen Reksten Solheim 1
Stian Tansø 1
Kim Vik 1
Sjølvmål 1
lørdag
11
august
Fyllingsdalen 2 - Voss 2 - 0
3. divisjon Avdeling 08 2012 - lørdag 11. august kl 16:00, Varden Amfi
Les kampreferatKva skjer? | ||