...
JUBEL: Florø-spelarane jublar etter den viktige 1-0 scoringa tidleg i andre omgang Foto: Jan Roar Hatlem

Fortent Florø-siger

God andre omgang sikra tre viktige poeng i Nordfjord

Jan Roar Hatlem
Jan Roar Hatlem Profil E-post
Publisert 28.07.2012 kl 19:22 Oppdatert 30.07.2012 kl 14:19

Tips ein venn på e-post:

Florø fekk ein fin start på haustsesongen då dei laurdag ettermiddag vann 3-1 borte mot botnlaget Eid. Dermed blei det også stopp i den åtte kampar lange tapsrekka mot nordfjordingane.

Defensivt

Florø hadde ballen i store delar av første omgang, men tempoet og presisjonen var ikkje av det beste merke og dei blåsvarte sleit med å komme til store sjansar mot det baktunge og godt organiserte heimelaget.Nærmast kom Kristoffer Ryland. Peter Aase fekk tak i ballen langt inne på Eid sin halvdel, avanserte nokre meter og slo ein fin pasning til Ryland. Men avslutninga frå 16-åringen gjekk rett på Eid-keepar Tom-Øyvind Espeseth Solheim.

Trenar Terje Rognsø såg ikkje blid ut då laga gjekk i garderoben halvvegs, men pausen må ha blitt brukt på beste vis for det var betydeleg meir sting over bortelaget etter kvilen.

Klar forbetring

Florø gjekk hardt ut og var nær ved å ta leiinga etter nokre få minuttar, men keeperen avverga avslutninga frå Stefan Aase. Eid var frampå like etter, men Tommy Løkkebø stoppa skotet frå Bjørn Totland.

Drygt ti minuttar ut i omgangen gjekk Florø opp i 1-0 leiing. Eit hjørnespark resulterte i møljespel inne i feltet, Kristoffer Ryland var på plass og fekk ballen over streken. Florø var det førande laget utover, og det var fullt fortent då Halvor Solheim-Olsen dobla leiinga kvarteret før slutt.

Han vær først nære på ei heading etter ein corner, men ein ny dødball like etter resulterte i nytt møljespel der Solheim-Olsen var på rett plass og sørga for 0-2.

Ny spenning

Men Eid gav slett ikkje opp, og håp om poeng blei tend då Bjørn Totland reduserte nokre minuttar seinare. Men håpet blei kortvarig, for sekundar seinare utnytta Solheim-Olsen rot i Eid-forsvaret og sørga for 1-3 som også blei sluttresultatet.

Det hardna til mot slutten av oppgjeret, og Peter Aase fekk direkte rødt etter det dommarteamet meinte var eit slag i andletet på Ole Andreas Aarvik. På overtid fekk Thomas Starheim sitt andre gule slik at begge laga måtte avslutte kampen med ti mann.

Nøgd

- Eg er godt nøgd med denne gjennomføringa, seier trenar Terje Rognsø. - Eid gjorde det vanskelig for oss i første omgang, men i andre fekk vi opp tempoet og då såg det også ut til at Eid-spelarene merka køyret. Berre synd at vi ikkje avgjer kampen på eit tidlegare tidspunkt, vi hadde sjansar nok til det.

Peter Aase fekk direkte raudt kort på tampen av oppgjeret, ei avgjerd Florø-trenaren er sterkt uenig i. - Peter foretok berre ei vending, som han har mange av i kvar kamp. At armen svingar rundt og treff Eid-spelaren er eit reint uhell, men det er ikkje lett for dommaren når linjemannen står fast på at det var eit slag. Veldig synd for Peter, og eg får berre håpe at dei som skal vurdere det brukar fornuften slik at han kan unngå tre kampars karantene.

Førde på topp

Førde vann den antatt vanskelige bortekampen mot Øystese med 4-1, og ser ut til å være vanskelege å riste ned frå tabelltoppen. Florø ligg framleis på tredje plass, poenget bak Voss som vann mot Saga. Under streken ligg Sotra, Bergen Nord og Eid.

Dagens resultat frå 3. div avd. 08

Stryn - Vik 2-2
Eid - Florø 1-3
Fyllingsdalen 2 - Årdal 2-1
Saga - Voss 1-3
Tornado Måløy - Bergen Nord 2-1
Øystese - Førde 1-4


Toppscorarlista for Florø Fotball (kun seriekampar)

Kristoffer Book 12
Christer Husa 6
Kristoffer Ryland 4
Halvor Solheim-Olsen 4
Peter Aase 2
Stefan Aase 2
Simen Hamre 1
Runar Hove 1
Aksel Knapstad 1
Andre Reksten 1
Kristoffer Sigdestad 1
Simen Reksten Solheim 1
Stian Tansø 1
Kim Vik 1
Sjølvmål 1

Eid - Florø 1-3 (0-0) 14. serierunde 3. div avd 08

  • Eid Stadion, Tribune : Omlag 100
  • 0-1 57 min Kristoffer Ryland
  • 0-2 74 min Halvor Solheim-Olsen
  • 1-2 77 min Bjørn Totland
  • 1-3 78 min Halvor Solheim-Olsen
  • Raudt kort : Peter Aase, Florø. Thomas Starheim, Eid (to gule)
  • Gult kort : Bjørnar Strandos , Eid
  • Florø: Tommy Løkkebø, Christer Husa, Runar Hove, Simen Reksten Solheim, Aksel Knapstad, Peter Aase, Stefan Aase, Kristoffer Ryland (Kristoffer Sigdestad frå 65 min), Simen Hamre, Kim Vik (Kristoffer Book frå 70 min), Halvor Solheim-Olsen (Fredrik Avsnes frå 93 min)

Omtalte lag og spillere



fredag

03

august

Førde - Saga 4 - 1

3. divisjon Avdeling 08 2012 - fredag 3. august kl 19:00, Førde Stadion

Les kampreferat

På forsiden nå


...

Tilrår seks politidistrikt

Lokalnytt Onsdag vart framlegg til ny organisering i politiet overlevert til Justisdepartementet. Analysen føreslår seks politidistrikt i heile landet, med region Vest beståande av fylkene Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Les meir

...

Skal trø seg trygge i trafikken

Sport – Det er framleis mogleg å melde seg på årets sykkelskule, seier leiar Geir Kristiansen i Florø CK. Les meir

...

Meiner bystyret braut lova

Lokalnytt Fleire bystyrerepresentantar krev lovlegkontroll av vedtaket om å lukke møtet om avlastingstilbodet til Joakim Osland (18). No har dei bede Fylkesmannen sjå på saka. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.