...
Florø Fotball Gutar 98. Foto: Margrethe Gjertsen

Florøgutane til topps i Lerum cup

Florø Gutar 98 kunne i helga ta sigeren i Lerum cup med seg heim, etter å ha dominert i finalekampen.

David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Publisert 02.07.2012 kl 13:34 Oppdatert 03.07.2012 kl 01:31

Tips ein venn på e-post:

Gutar 98 dominerte dei tre innleiande kampane, og i kvartfinalekampen mot Gneist vann dei overlegent 4–0. Dominerte gjorde dei også i semifinalen mot Sykkylven, der dei vann 3–0 utan store problem.

Trenden fortsette også i finalekampen mot Fana. Kort tid etter pause skåra Sander Gjertsen det første målet for Florø, etter ei gjennombrotspasning. Seinare sette Gjertsen inn Florø sitt andre mål, også etter ei gjennombrotspasning.

– Det var utruleg stort, seier ein glad Sander Gjertsen etter å ha komme heim att til Florø.

Glad er også trenar Steinar Hopen, men han vil ikkje fokusere på enkeltprestasjonar.

– Først og fremst var dette ein lagsiger ­– alle medverka enormt til at vi no kan kalle oss vinnarar av Lærum cup, seier ein stornøgd Hopen og legg til:

– Dette er første store sigeren vår. Det beste resultatet frå tidlegare turneringa er eit tap i finalen i Storsjöcup. Så det å nå toppen i Lærum cup, i sterk konkurranse med gode bergenslag, er ei bragd det står respekt av, seier han.

Hopen understrekar også at sigeren er eit resultat av mange år med hardt arbeid og mykje trening.

– Dette er ein del av kulturen som har vakse fram innan aldersbestemt fotball i Florø Fotball. Det lovar godt for rekrutteringa til A-laget, seier trenar Hopen.

Omtalte lag og spillere



500 - Internal server error

Error message:
Transformation ended in error for request URI: /componada/component/show-esi/normal/football/magic/www.firdaposten.no/53/6132789/2012-07-03T01:31:58Z when using style sheet component_xhtml2html.xsl. Masked exception is:
Problem transforming sheet: jar:file:/var/jetty/componada/Jetty_0_0_0_0_9002_componada.webapp.war__componada.webapp__.bdff6g/webapp/WEB-INF/lib/componada-xslt-1.310.jar!/xslt/component_xhtml2html.xsl

root cause:
Error reported by XML parser processing null: Scanner State 24 not Recognized 

På forsiden nå


...

Vidare til 3. runde

Lokal fotball - At vi gjekk vidare var det einaste lyspunktet i cupkampen mot Eid, seier Terje Rognsø. Les meir

...

Bill. mrk: «Båt til sals»

Lokalnytt Kunne du tenke deg ein litt større båt? Då er dette båten for deg. Rett nok berre om du har kring 800 millionar kroner på bok. Les meir

...

Utslepp frå Elkem

Lokalnytt Farga Svelgselva grå måndag ettermiddag. Les meir

Til Grasrotandelen

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.