...
EFFEKTIVE: Kristoffer Sigdestad (t.v) og Kristoffer Book jublar her for ei scoring mot Radøy Manger i byrjinga av juni. Duoen stod bak alle måla som i dag gav Florø tre sterke og viktige bortepoeng på Voss. Foto: Jan Roar Hatlem

Sterk bortesiger for Florø

Vann 3-2 mot Voss, og er på 3. plass etter halvspelt serie

Jan Roar Hatlem
Jan Roar Hatlem Profil E-post
Publisert 30.06.2012 kl 17:55 Oppdatert 30.06.2012 kl 18:09

Tips ein venn på e-post:

To mål av Kristoffer Book og eit av Kristoffer Sigdestad var nok til å sikre at alle poenga blei med heim igjen til Florø etter den vanskelige bortekampen mot Voss.

Det var ein litt redusert Florø-tropp som i dag sette kursen mot Hordaland. Andre Reksten har ikkje spelt sidan 16.mai-kampen, og Thor Henning Brandsøy har mista heile vårsesongen. I dag var i tillegg av ymse årsaker Simen Reksten Solheim, Christer Husa og Binyan Bereket også ute. Det var også keeper-trioen Knut-Marius Kvammen, Jacob Storevik og Joachim Husevåg, og Florø har difor leigd inn Tommy Løkkebø frå Eikefjord.

Fråfalla førte til at trenartemaet måtte rokkere litt i den bakre firaren, der Hove og Knapstad spelte sentralt og Aamot og Sørensen på backane.

Effektive

Men det var Florø som fekk det første målet. Kristoffer Book har gått nokre kampar utan nettkjenning, men i dag viste toppscoraren seg frå si beste side. Kvarteret var spelt då han utnytta ei forsvarstabbe og avslutta i det lengste hjørnet.

Kristoffer Sigdestad hadde inntil i dag ikkje komme på den veksande scoringslista til dei blåsvarte, men etter ein dryg halvtime løsna det og Florø dobla leiinga. Sigdestad var spelar nr. 14 som har scora for Florø denne sesongen.

Det blei også pauseresultatet, der effektiviteten var det som skilde laga.

Press

Men Book var ikkje ferdig for dagen. Berre to minuttar etter sidebytet var han frampå og avslutta etter ei flott kontring. Book er toppscorar for Florø med 12 fulltreffarar. Dermed 0-3, og Florø var på god veg mot ein særs sterk bortesiger.

Men så var det Maid Memic då. Han har imponert stort etter at han kom heim frå studiane i USA, og stod før denne kampen med heile 14 mål på berre seks kampar. Og han fornekta seg ikkje i dag heller. Fem minuttar etter 0-3 målet reduserte han med ei flott heading frå 10 meter.

Voss pressa på, og med knapt 20 minuttar igjen på stadionuret reduserte Kristian Eikeland til 2-3 med eit godt skot frå 16-17 meter.

Og i sluttsekundane såg det ut til at dei skulle få med seg det eine poenget. Memic var på plass igjen og sette ballen i mål, men scoringa blei annulert for offside. Og nærmare kom ikkje heimelaget, som dermed måtte noterte sesongens andre heimetap. Dei tek likevel ferie på andre plass, poenget føre Florø.

Nøgd

- Vi måtte foreta nokre rokeringar i forsvarsrekka, og la oss litt lågare på bana enn normalt, fortel trenar Terje Rognsø. - Og det lykkast vi bra med, det var mange som spelte ein solid kamp i dag og vi var effektive. Det er litt skuffande at vi lot dei komme inn i kampen igjen, men utan Simen (Reksten Solheim) og Christer (Husa) sleit vi litt i luftduellane. Men vi var godt organiserte, og reduserte det normalt godt spelande Voss til å bli eit lag som berre slo langt.

Ifølge rapportane i Live-overføringa var Florø heldig som vann denne kampen. - Det er eg heilt uenig i, vi var effektive men vi hadde også fleire sjansar til å auke til 4-2, understrekar Rognsø som også var nøgd med keeper Tommy Løkkebø. - Han hadde ei god redning i første omgang, og eit par i andre så han gjorde jobben sin.

For tvillingane Stefan og Peter Aase var dette avskjedskampen for Florø, etter ferien er dei på plass i Sogndal.

Resultat frå 13. serierunde

Stryn - Førde 1-2 (spelt fredag)
Sotra - Vik 4-1
Voss - Florø 2-3
Eid - Årdal 2-2
Saga - Øystese 0-2
Tornado Måløy - Radøy Manger 3-2
Fyllingsdalen 2 - Bergen Nord (søndag)

Toppscorarlista for Florø Fotball (kun seriekampar)

Kristoffer Book 12
Christer Husa 6
Kristoffer Ryland 3
Halvor Solheim-Olsen 2
Peter Aase 2
Stefan Aase 2
Simen Hamre 1
Runar Hove 1
Aksel Knapstad 1
Andre Reksten 1
Kristoffer Sigdestad 1
Simen Reksten Solheim 1
Stian Tansø 1
Kim Vik 1
Sjølvmål 1

Tabellen etter 13. serierunde

1. Førde 34 poeng
2. Voss 27 poeng
3. Florø 26 poeng
4. Årdal 23 poeng
5. Øystese 20 poeng
6. Fyllingsdalen 2 20 poeng (12 kampar)
7. Vik 19 poeng
8. Radøy/Manger 18 poeng
9. Stryn 16 poeng
10. Saga 15 poeng
11. Sotra 14 poeng
12. Tornado Måløy 13 poeng
13. Bergen Nord 8 poeng (12 kampar)
14. Eid 6 poeng

14. serierunde (28.juli)

Stryn - Vik
Eid - Florø
Fyllingsdalen 2 - Årdal
Tornado Måløy - Bergen Nord
Øystese - Førde
Saga - Voss
Sotra - Radøy/Manger (1. august)


Voss - Florø

  • 3. div avd 08. 13. serierunde. Prestegardsmoen stadion
  • Tribune: 150
  • 0-1 15 min. Kristoffer Book
  • 0-2 31 min. Kristoffer Sigdestad
  • 0-3 47 min. Kristoffer Book
  • 1-3 52 min. Maid Memic
  • 2-3 72 min. Kristian Eikeland
  • Florø : Tommy Løkkebø, Runar Helland Aamot, Runar Hove, Aksel Knapstad, Anders Sørensen, Kristoffer Sigdestad (Kristoffer Ryland frå 67 min), Stefan Aase, Peter Aase, Simen Hamre, Kim Vik (Halvor Solheim-Olsen frå 75 min), Kristoffer Book

Omtalte lag og spillere



fredag

29

juni

Stryn - Førde 1 - 2

3. divisjon Avdeling 08 2012 - fredag 29. juni kl 19:00, Stryn Stadion

Les kampreferat

På forsiden nå


...

Frå siger i Florø til fjerdeplass i Malmø

Lokalnytt Margaret Berger gjorde ein god figur i den internasjonale MGP-finalen, men tapte for førehandsfavoritten Danmark. Les meir

...

Svært roleg feiring

Lokalnytt Skal ein dømme etter politiet sin logg. Les meir

BILDE: Ein sommardag i mai

...

Firdaposten tok seg ei runde i byen for å sjå kva folk brukte det fantastiske vêret pinseaftan til.

Sjå bilete
Til Grasrotandelen

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.