Vann heile 4-0 mot heimesterke Vik
Florø var utan det faste stopparparet Andre Reksten og Runar Hove, men hadde likevel få problem med å få med seg alle poenga heim igjen frå Vik.
Heile 4-0 blei det til slutt, etter scoringar av Kim Vik, Kristoffer Book, Kristoffer Ryland og Stefan Aase. Florø er dermed tilbake på vinnarsporet etter to strake tap, og heldt buret reint på bortebane for første gong denne sesongen.
Målkontoen opna
Det gjekk berre sju minutt før Florø tok leiinga. Kim Vik, som nyleg meldte overgang frå Eid, heada eit langt oppspel i buret frå 16-metaren. Flott scoring for Vik som satte inn si første scoring for dei blåsvarte. Han er med det den tiande spelaren som har scora for Florø i serien denne sesongen.
Drygt ti minuttar seinare dobla Kristoffer Book leiinga med si 9. scoring for sesongen. Vik hadde fleire cornarer på rad, før keeper Jacob Storevik snappa ballen og spelte den langt opp mot Book som var sikker åleine mot Vik-målvakt Stig Roar Hovland.
Fleire scoringar blei det ikkje i første omgang, men Florø var det beste og mest aggresive laget og kunne gå i garderoben med ei fortent 2-0 leiing.
Avgjorde
Resultatet heldt seg utover andre omgangen. Florø var nære 3-0 midtvegs, men avslutninga frå Peter Aase enda i tverrliggaren. Returen satte Kristoffer Book over målet.
Men fleire mål skulle det likevel bli. 16 år gamle Kristoffer Ryland kom innpå når det stod att om lag 12 minutt på stadionuret, og etter berre eit lite minutt på bana sprang han frå Vik-forsvaret og vippa ballen i mål.
Stefan Aase fastsatte sluttresultatet til 4-0 etter ei kontring heilt på tampen av oppgjeret.
Formasjonsendring
- Vi gjennomførte ein god kamp i dag, fortel trenar Terje Rognsø nøgd. - Vi spelte i ein slags 5-3-2 formasjon, eller 3-5-2 alt ettersom korleis ein ser det. Simen Reksten Solheim og Christer Husa spelte i midten bak saman med Aksel Knapstad som skulle halde eit auge med toppscorar Øystein Myrkaskog. Og det lykkast vi bra med, Aksel tok Myrkaskog heilt ut av kampen.
- Men vi burde ha avgjort kampen langt tidlegare, det tok litt for lang tid før vi fekk det tredje målet. Vi burde ha tatt sjansen på fleire av alle dei overgangsmoglegheitene vi fekk. Det var ei litt vanskeleg bane, graset var altfor høgt noko som senka farten i spelet. Men alt i alt er vi kjempefornøgde med gjennomføringa, understrekar Rognsø.
Andre resultat frå dagens kampar i 3. div. avd. 08
Sotra - Tornado Måløy 6-1
Førde - Voss 2-1
Radøy/Manger - Årdal 2-2
Førde er framleis på tabelltoppen med 21 poeng, og dei har no sikra seg ei fem
poengs luke ned til Årdal. Florø avanserte til 6. plass og med berre tre
poeng opp til andre plass har laget god kontakt med topplaga.
Oppdatert toppscorarliste for Florø Fotball (kun seriekampar)
Kristoffer Book 9
Christer Husa 4
Kristoffer Ryland 3
Peter Aase 2
Stefan Aase 2
Simen Hamre 1
Runar Hove 1
Andre Reksten 1
Stian Tansø 1
Kim Vik 1
Problem transforming sheet: jar:file:/var/jetty/componada/jetty-0.0.0.0-9002-componada-webapp.war-_componada-webapp-any-/webapp/WEB-INF/lib/componada-xslt-2.4.jar!/xslt/component_xhtml2html.xsl root cause: Error reported by XML parser processing null: Scanner State 24 not Recognized
Kva skjer? | ||