...
LUFTKONGE: Stian Tansø ragar høgast og stangar inn 2-0 til Florø etter ein snau halvtime. Foto: Jan Roar Hatlem

Florø med ny storsiger

Rundspelte Stryn og avanserte til 4. plass plass på tabellen

Jan Roar Hatlem
Jan Roar Hatlem Profil E-post
Publisert 12.05.2012 kl 18:20 Oppdatert 12.05.2012 kl 18:46

Tips ein venn på e-post:

Sjølv om Brann-kampen under to døger tidlegare nok hang i beina, hadde Florø særs små problem å sende Stryn poenglause heim igjen til Nordfjord. 4-0 blei det til slutt, og det var ikkje eit mål for mykje.

Rokerte

Trenar Terje Rognsø bytta litt på laget samanlikna med det som starta mot Brann for to dagar sidan. Anders Sørensen, Simen Hamre, Kristoffer Sigdestad og Stian Tansø erstatta Aksel Knapstad, John-Felipe Holmgren, Peter Aase og Kristoffer Ryland.

Florø festa grepet frå start av, og lot ikkje tannlause gjestar få sleppe til med stort. Det gjekk likevel ein halv omgang før det første målet kom. Eit frispark blei løfta inn i feltet, Runar Hove vann luftduellen og stanga Florø til ei fullt fortent leiing. Tre minuttar seinare kom mål nummer to, og også denne gongen kom det etter ein dødball. Stian Tansø knuste konkurrentane i luftrommet og heada inn den presise cornaren frå Christer Husa. 2-0 blei også pauseresultatet.

Defensiv kontroll

Florø heldt fram med dominansen i andre omgang. Det gjekk berre fem minuttar før Kristoffer Book avgjorde kampen med si 7. scoring for sesongen.

Lagkaptein Andre Reksten er ikkje av dei brukar å komme på scoringslista, men etter ein dryg time ville han være med på festen. Midtstopparen vann ballen på eigen halvdel, avanserte framover på bana, spelte vegg med Tansø og runda keeper før han enkelt kunne trille ballen inn i det tomme buret.

- Eg scora eit par mål i treningskampane i vinter, men i serien trur eg det må være to sesongar sidan så dette var på tide, sa han nøgd etter kampen.

Fleire mål blei det ikkje i oppgjeret, trass fleire gedigne sjansar for dei blåsvarte. Florø tok tidvis fram champagnefotballen, medan Stryn knapt nok kom til ein kvalifisert målsjanse.

Årsbeste

Florø heldt nullen for første gong i serien denne sesongen, og har scora minst fire mål i fire seriekampar på rad.

- Defensivt var nok dette årsbeste, vi hadde jamt over full kontroll. Bortsett frå ein periode mot slutten av første omgang då vi rota ein del hadde vi god struktur i laget. Men vi merkar at Brann-kampen framleis heng litt i beina, så det kjem vel med at det er nokre dagar til neste kamp, sa Reksten vidare.

Neste kamp går mot serieleiar Førde 16. mai.Sunnfjord-rivalen dokumenterte at dei verkeleg har funne scoringsforma ved å vinne heile 8-0 borte mot Bergen Nord i dag.

Resultat frå dagens serierunde i 3. div avd. 08

Voss - Sotra 2-1
Radøy/ anger - Vik 3-3
Bergen Nord - Førde 0-8
Eid - Tornado Måløy 1-1
Årdal - Øystese 3-2

Førde toppar tabellen med 12 poeng og heile 16 plussmål. Voss og Årdal står også med 12 poeng, medan Florø ligg to poeng bak på ein 4. plass.

...
AVSLUTTA: Andre Reksten avslutta eit strålande raid med å trille ballen i tomt bur og fastsatte med det sluttresultatet til 4-0. Lagkapteinen spelte ein god kamp og bidrog sterkt til at Stryn knapt nok kom til ein kvalifisert målsjanse.

Florø - Stryn 4-0 (2-0)

  • 5. serierunde 3. div avd 08. Florø Stadion
  • Tribune : 340
  • 1-0 22 min Runar Hove
  • 2-0 25 min Stian Tansø
  • 3-0 50 min Kristoffer Book
  • 4-0 61 min Andre Reksten
  • Gule kort : Christer Husa, Florø. Petter Hammer, Stryn
  • Florø: Knut-Marius Kvammen, Anders Sørensen, Runar Hove, Andre Reksten. Christer Husa, Kristoffer Sigdestad (Kristoffer Ryland frå 65 min), Simen Reksten Solheim (Binyan Bereket frå 81 min), Stefan Aase, Simen Hamre, Kristoffer Book, Stian Tansø (Mats Hovland frå 75 min).

Omtalte lag og spillere



An exception has occurred:

Unhandled Exception (500:class javax.el.PropertyNotFoundException)

Server Error

ocurred while accessing:/componada/component/show-esi/normal/football/magic/www.firdaposten.no/53/6056291/2012-05-12T18:46:51Z(servlet: componada)

javax.el.BeanELResolver.getBeanProperty(BeanELResolver.java:664)
javax.el.BeanELResolver.getValue(BeanELResolver.java:293)
javax.el.CompositeELResolver.getValue(CompositeELResolver.java:188)
com.sun.el.parser.AstValue.getValue(AstValue.java:120)
com.sun.el.parser.AstValue.getValue(AstValue.java:167)

På forsiden nå


...

Tilrår seks politidistrikt

Lokalnytt Onsdag vart framlegg til ny organisering i politiet overlevert til Justisdepartementet. Analysen føreslår seks politidistrikt i heile landet, med region Vest beståande av fylkene Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Les meir

...

Skal trø seg trygge i trafikken

Sport – Det er framleis mogleg å melde seg på årets sykkelskule, seier leiar Geir Kristiansen i Florø CK. Les meir

...

Meiner bystyret braut lova

Lokalnytt Fleire bystyrerepresentantar krev lovlegkontroll av vedtaket om å lukke møtet om avlastingstilbodet til Joakim Osland (18). No har dei bede Fylkesmannen sjå på saka. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.