To raude kort og eitt sjølvmål. Laurdagens 1–0 kamp borte mot Tornado/Måløy vart ein ulukkeskamp for FSK.
– Spelarmessig skaper vi ingenting i første omgang, men i andre er vi det førande laget. Men vi var litt uheldig, og spela dei siste 19 minutta av kampen med ein mann mindre.
Det er forklaringa frå trenar Terje Rognsø etter 1–0 tapet for Tornado/Måløy.
I det 70. minutt får Lasse Orheim Pedersen sitt andre gule kort for dagen, etter å ha komme for seint inn i ei takling. Etter ordinær speletid, i det 93. minutt får keeper Tommy Løkkebø FSK sitt andre raude kort for dagen.
Florø pressar på for utlikning, etter at André Reksten er uheldig og får ballen mot skulderen slik at den går i eige mål. Keeper Løkkebø er med opp på bana for å setje trykk på motstandaren dei siste minutta. Då Tornado/måløy får tak i ballen og slår den mot Florø SK sitt opne mål, reddar Løkkebø med hendene frå 35 meter.
– Det var ein instinktiv handling, men heilt unødvendig. Men det var ingen stygg kamp, det var berre situasjonane som vart slik. I dag hadde vi rett og slett uflaks, seier Terje Rognsø.
Problem transforming sheet: jar:file:/var/jetty/componada/Jetty_0_0_0_0_9002_componada.webapp.war__componada.webapp__.bdff6g/webapp/WEB-INF/lib/componada-xslt-1.176.jar!/xslt/component_xhtml2html.xsl root cause: org.xml.sax.SAXParseException: A DOCTYPE is not allowed in content.
, group
X-Trace-App: [componada ; knata.api.kunder.linpro.no ; Thu Feb 09 20:26:58 CET 2012]
X-Trace-App: [corredor ; grundtal.api.kunder.linpro.no ; Thu Feb 09 20:26:58 CET 2012]