Eikefjord fekk ein god start på haustsesongen då dei slo Askvoll/Holmedal 3–2 på Eikefjord Stadion.
Både Eikefjord IL og Askvoll/Holmedal gav alt frå starten på første omgangen. Men det var vertane som gjorde det beste ut av dei første intense minutta. Børge Langedal chippa ballen vakkert i krysset etter seks minutt.
Askvoll/Holmedal kom meir med etter kvart og skapte ein del gode sjansar, men fekk ikkje utteljing på dei. For det var Eikefjord som hadde dei største sjansane gjennom første omgang, og som fekk mest utteljing. Like før pause sette Børge Langedal inn sitt andre mål med eit godt skot i hjørnet.
Dermed var stillinga 2–0 til Eikefjord I.L. ved halv tid.
Dramatikk
Men ut over andre omgang viste det seg at Askvoll/Holmedal skulle gje Eikefjord kamp om dei tre poenga.
Fem minutt ut i andre omgang scora Steve Benjamin for bortelaget.
Etter dette vippa kampen mykje fram og tilbake, med gode sjansar til begge lag. Børge Langedal skulle likevel bli dagens mann då han etter 75 minutt sat inn sitt tredje for dagen.
Bortelaget gav seg uansett ikkje. To minutt på overtid sat Ørjan Midtun i Eikefjord inn ballen i eige mål etter ein corner. Fleire mål vart det ikkje i kampen. Eikefjord vann dermed fortent 3–2.
KAMPFAKTA:
Eikefjord Stadion
4. Divisjon
Eikefjord-Askvoll/Holmedal 3–2 (2-0)
Dommar: Vegard Yndestad, FSK.
Målscorarar:
1–0 Børge Langedal (6. min)
2–0 Børge Langedal (45. min)
2–1 Steve Benjamin (50. min)
3–1 Børge Langedal (75. min)
3–2 SM: Ørjan Midtun (90. min)
Gule Kort: Tom Rene Ørnehaug, EIL.
EIL:
Nils Olav Opheim
Øyvind Sørbø
Bjarte Eikevik
Sigurd Nybø
Andreas Lid
Sondre Langedal
Ørjan Midtun
Jan Kåre Gabrielsen
Tord Ness
Ole Martin Sunnarvik
Børge Langedal