Florø SK har ikkje fått poeng eller scora borte sidan førre tur til Sogndal, 6. mai, men mot eit svakt heimelag bør det vere gode sjansar.
Andrelaget til Sogndal har vore den største negative overraskinga i vår lokale 3. divisjon denne sesongen, med berre eitt lag bak seg etter snart halvspelt serie.
Vi ser av heimesida til Sogndal Fotball at stallen er samansett av unge spelarar, fødd frå 1991 til 1995. Denne spelarstallen har dei stort sett henta frå til alle kampane, og Sogndal har såleis tatt på alvor regelendringa framfor denne sesongen: At andrelaga ikkje kan bruke meir enn tre spelarar over 21 år på bana samstundes. Dette er lovpålagt i 2. divisjon, medan Sogndal og klubbar som har andrelag nedover i divisjonssystemet, berre blir oppfordra til å følgje den nye regelen.
Form
Dei unge talenta til Sogndal har plukka sju poeng til no, mens FSK sine ditto står med nesten dobbelt så mykje, utan at vi skal føre vidare den samanlikninga. Men ei samanlikning som er meir reell er at Florø SK har auka poengfangsten sin frå sju etter ti kampar i fjor, til 13 no.
Laget gjekk frå årets største tap til den største sigeren, då dei vann 2-0 over Dale sist helg. Florø SK beheldt åttandeplassen på tabellen og har dårlegast målskilnad av dei fire klubbane med 13 poeng. To heimesigrar har gitt 2-0-3 på dei fem siste kampane, så det er tydeleg at Florø slit mest på reisene sine. Laget har scora fem mål borte så langt, berre Høyang har mindre. Og 19 innsleppte mål vert berre toppa av Sogndal.
Men her bør det leggast til at Florøs tre bortetap har komne mot gode motstandarar, lag to, tre og fire på tabellen.
Sogndal 2 opna sesongen med fire poeng på to kampar, men på dei åtte neste oppgjera er det blitt sju tap, med 4-33 i målskilnad. Dei nestbeste i Sogndal har vore spesielt dårlege på heimebane. Uavgjort mot Jølster, 0-6-tap i lokaloppgjeret mot Fjøra, i tillegg har Dale (5-1) og Eid (1-0) reist frå bygda med siger. Siste scoring på eige gras er frå 10. mai, og dei to fulltreffarane på Fosshaugane i år gir eit snitt på 0,5 mål per kamp.
Sogndal har gått mållause av bana i fire av dei fem siste kampane, og laget forsvarer seg heller ikkje særleg godt. Totalt har dei sleppt inn 35 mål, berre Sandane har vore meir rause.
Historikk - statistikk
Etter nedrykket i 1999 har Sogndal no spelt ti sesongar på rad i 3. divisjon. I seks av dei har laget slutta blant dei tre beste. Sidan 2005 er fjorårets fjerdeplass den dårlegaste plasseringa, og berre i 03 har laget enda bak Florø på tabellen.
Dei ni tilsvarande møta sidan 1997 har gitt fem heimesigrar, to uavgjorte, og to gonger har Florø SK returnert til kystbyen med alle poenga. I 2008 (3-2) og i 1999 vann FSK 2-1 i 2. divisjon. I fjor var det to jamne kampar, uavgjort i Sogndal, og Florø-tap 0-1 heime.
Tabell- ny serierunde
Tabellen etter ti serierundar:
Tornado Måløy 28 poeng, Årdal FK 24 poeng, Stryn 22 poeng, Eid 21 poeng, Fjøra 13 poeng, Dale 13 poeng, Vik 13 poeng, Florø SK 13 poeng, Sandane 8 poeng, Høyang 7 poeng, Sogndal 2 7 poeng, Jølster 5 poeng.
Neste serierunde:
24. juni: Eid - Fjøra 2-1.
26. juni: Dale - Årdal, Høyang - Tornado Måløy, Stryn - Jølster, Vik - Sandane.
28. juni: Sogndal 2 - Florø SK (klokka 19.00).
søndag
20
juni
Florø SK - Dale 2 - 0
3. divisjon Sogn og Fjordane 2010 - søndag 20. juni kl 16:00, Florø Stadion
Les fullstendig kampreferat