FOTBALL: Florø SK fekk ein verst tenkeleg start borte mot Årdal FK fredag. Det stod 1-0 etter eitt minutt. Det skulle bli 5-0 siger til slutt.
Trenar Terje Rognsø meiner ei katasrofal dommaravgjerdsle låg til grunn for det første målet i mot i Årdal. Opninga meiner han prega på kampen.
- Kastet skulle takast på midten der ballen gjekk ut. Vi var ikkje budd då dei fekk ta kastet nede mot 16 meteren og kasta bak forsvararane våre og scora.
Best i 1. omg.
- Frå 1-0 ogder av og ut omgangen vinn vi sjansestatistikken 6-3. Likevel er det Årdal som stod fram som mest kyniske føre mål og scora på sjansane sine, forklarar trenaren.
Rognsø strekar under at det første målet ikkje vart avgjerande for utfallet. Likevel gjorde 1-0 i det første minuttet at dei måtte starte kampen i motabakke.
Årdal FK borte var ein kamp ingen hadde tru på Florø poeng. 10-1 var oddsa frå tippeselskapa på heimesiger.
Fysisk skilnad
- Det er enorm forskjell fysiske mellom desse laga. I første omgang var vi betre enn Årdal, men i andre omgang var det berre eit lag på bana. Vi har eit ungt og lett lag og i 2. omgangane får vi det tøft i 3. divisjon, seier trenaren.
To av dei på laget som har klart å halde nivået i 90 minutt denne sesongen, Eirik Hovland og Torstein Strømsøy, var ute med skade fredag.
- Alle dei etablerte spelarane våre er ute med skader og sjukdom, og det er ikkje noko pluss i 3. divisjon akkurat, kjem det frå Rognsø.
Problem transforming sheet: jar:file:/var/jetty/componada/Jetty_0_0_0_0_9002_componada.webapp.war__componada.webapp__.bdff6g/webapp/WEB-INF/lib/componada-xslt-1.176.jar!/xslt/component_xhtml2html.xsl root cause: org.xml.sax.SAXParseException: A DOCTYPE is not allowed in content.
, group
X-Trace-App: [componada ; dold.api.kunder.linpro.no ; Thu Feb 09 20:31:47 CET 2012]
X-Trace-App: [corredor ; grundtal.api.kunder.linpro.no ; Thu Feb 09 20:31:47 CET 2012]