Florø sin sisteskanse Tommy Løkkebø rana Tornado Måløy for sitt første poeng føre 580 tilskodarar på Florø Stadion laurdag.
Florø Sportsklubb rana til seg eitt poeng då dei spelte 2-2 mot serieleiar Tornado Måløy på Florø stadion laurdag. Tornado Måløy skal vinne serien i år, og dei er godt på veg. Kampen i dag skulle i utgangspunktet vere ein kamp der nordfjordningane kunne forvente 6-7 måls siger snarare enn poengtap.
"Gutar mot menn"
"Dette er ein kamp mellom gutar og menn" hevda TMFK på si nettside før kampen. Ei uttale trenar Geir Ove Refvik stod inne for også etter kampen. Men dei hadde ikkje forventa så mange brende sjansar. For det var ein FSK-spelar som gjorde til at det vart stor underhaldning på stadion dagen før by-bursdagen. Keeper Tommy Løkkebø.
Redda straffe
På stillinga 0-0 redda han straffa til Sveinung Svendsen (18). Stortalentet frå Måløy veit kor målet står med 10 mål på fire kampar så langt i sesongen. Men Løkkebø redda og dermed fekk FSK inspirasjon og torde å briljere med ballen på bakken framover. I det 39. minutt fekk FSK vise kva dei er gode for. Fredrik Avsnes spelte seg fri på høgrekanten og inne føre boksen stod André Reksten og sende Florø i føringa. Ei scoring etter læreboka. FSK gjekk i garderoben med leiing. Då hadde Løkkebø hatt to solide redningar utanom straffa. Og det var ikkje utan grunn at russen ropte "Verdens beste keeper" til Florømålvakten.
Tornado kjem
Men Tornado var overlegne FSK i fysikk og vann midtbana jamt gjennom kampen. Fem minutt ut i andreomgangen fekk dei betalt. Runar Televik Blålid kom stormande inn på bakerste og banka eit høgt innlegg i nota til 1-1. No gjekk det litt skrekk i dei unge Florøgutane og dei neste 10 minuttane fekk Florø eit tungt trøkk mot seg. Men i det 59. minutt ofra Lasse Orheim alt på eit frispark. Han henta ned eit høgt innlegg og trefte Stefan Aase på femmeteren. Han banka sin tredje scoring for sesongen til ellevill jubel på tribunen.
- Vi opplev etter utlikninga at vi er i ferd med å køyre over dei, men så kjem desse unggutane på overgangar. Då fekk vi merke det er kvalitet over det dei gjer, fortalde ein djupt skuffa Refvik.
Etter målet fekk FSK trua på nytt og torde meir framover. Ei felling førte likevel til at Tornado Måløy fekk si andre straffe tildelt i kampen. Denne gongen var det Endre Kupen som tok ansvar og la ballen sikkert i mål.
Gjestane frå Tornado Måløy hadde ei rekke sjansar til å vinne kampen, men Tommy Løkkebø var til tider enorm i buret. Med tre-fire 100 prosent sjansar tok han dei første poenga frå Tornado i år.
Heilt fantastisk
Etter at dommar Frode Ølmheim blåste av seks minutt på overtid vart det jubla på stadion. I Tornado Måløy-garderoben var det blåkledd blues.
- Eg kan ikkje hugse eg har hatt ein liknande kamp mellom stengene. Dette var heilt fantastisk, fortalde Løkkebø etter kampen. Då kom horder av spelarar og publikummarar til for å gratulere.
Trenar Terje Rognsø meinte dei hadde gjort eit godt forarbeid og visste kva dei skulle gjere mot serieleiaren.
- Vi skulle tørre med ball, men fekk mykje balltap grunna fysikk på midten. Men du ser på overtid at vi har innlegg vi kan score på, så vi gjekk for tre poeng her i dag, fortalde Rognsø, med eit dårleg skjult glis.
Problem transforming sheet: jar:file:/var/jetty/componada/Jetty_0_0_0_0_9002_componada.webapp.war__componada.webapp__.bdff6g/webapp/WEB-INF/lib/componada-xslt-1.176.jar!/xslt/component_xhtml2html.xsl root cause: org.xml.sax.SAXParseException: A DOCTYPE is not allowed in content.
, group
X-Trace-App: [componada ; dold.api.kunder.linpro.no ; Thu Feb 09 23:36:37 CET 2012]
X-Trace-App: [corredor ; grundtal.api.kunder.linpro.no ; Thu Feb 09 23:36:37 CET 2012]