Tre av fire frå FSK

Det var full Florø-dominans då kretsen skulle sende dei fire beste gutespelarane i fylket til ei regionsamling. Simen Halvorsen (96) og tvillingane Stefan og Peter Aase (95) fekk alle billett til talentsamlinga i Bergen denne helga.

Dag Frøyen
Dag Frøyen Profil E-post
Publisert 30.11.2009 kl 13:47 Oppdatert 30.11.2009 kl 13:54

Tips ein venn på e-post:

...
DEI BESTE: Stefan Aase, Simen Halvorsen og Peter Aase er tre av dei fire gutespelarane som denne helga representerer dei beste ifrå Sogn og Fjordane i Bergen.

Omtalte lag og spillere


Fire spelarar frå Sogn og Fjordane er tekne ut til ei regionsamling for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane denne helga. Og klubbarbeidet på dei aldersbestemte nivåa viste tydeleg kva klubb som har lukkast best med å utvikle lokale talent i fylket.

Tre frå FSK

For av dei fire spelarane kretsen skulle plukke ut var heile tre spelarar ifrå Florø Sportsklubb. Desse er Stefan og Peter Aase (95) og Simen Halvorsen (96). Den fjerde er Torbjørn Aabrekk (94) frå Eid.

- Dei beste

– Grunnen til at desse fire spelarane er tekne ut er at dei er dei beste. Kor dei kjem ifrå har ikkje hatt noko innverknad på valet. Det at Florø kan stille med tre av fire er resultat av godt klubbarbeid, seier spelarutviklar i Sogn og Fjordane Fotballkrets, Jan Ravnestad.

Han fortel han har komme til desse fire spelarane i samarbeid med kretstrenarane i fylket.

Testing

Denne regionsamlinga inneheld treningar og kampar der spelarane også skal testast. Dei vil drive med videoanalyse og det er lagt inn nokre teoretiske sekvensar. Regionsamlinga er i Vestlandshallen kommande helg.

Mest lese no

...

Den store prøva for sentrumsplanen

Lokalnytt For utvalsleiar Hanne H. Kristensen i Plan og miljø, vert dagens møte i bystyret den store prøva på kor god prosessen har vore med sentrumsplanen. Les meir

...

Vil ha kompromiss for Kystvegen

Lokalnytt Hotelleigar Jostein Eimhjellen i Svelgen vil ha endra fjordkryssingsplanane for Kystvegen Ålesund-Bergen. Les meir

...

Kostnadssprekk for Kinnvegen

Lokalnytt Gang -og sykkelvegen kostar dobbelt så mykje som fylkeskommunen har løyvd. - Uaktuelt å vurdere andre alternativ, seier Frank Willy Djuvik i Frp. Les meir

...

Krev ny runde om åttetalsti

Lokalnytt Førre gong åttetalsstien rundt Store- og Likkjevatnet var oppe i Bystyret gjekk konfliktnivået i taket. No ønskjer Arbeidarpartiet ta opp saka att, om enn på ein annan måte enn før. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.