Fotballkrinsen har bestemt når den avlyste og avgjerande kampen FSK - Fjøra skal gå, utan å ha rådført seg med Sportsklubben.
FSK sin fotballeiar Arild Melvær er arg over at fotballkrinsen har bestemt at den avlyste og avgjerande kampen mot Fjøra skal gå alt måndag klokka 19.30, utan å ha rådført seg med Sportsklubben.
Fredagskampen mot Fjøra måtte utsetjast då brannen i Florahallen fredag slo ut jordfeilbrytaren. Dermed gjekk også lyset i lyskastarane på kunstgrasbana, der kampen skulle gå. No fryktar Melvær at kampen må spelast på Eikefjord stadion, det blir slett inga heimebane for Florø SK om flaumlyset på stadion ikkje blir klart att til måndag.
Melvær har protestert, og i heile helga har han prøvd å få omgjort kampstarten, men FSK-leiaren har hittil ikkje lukkast i å få tak i administrativ leiar i fotballkrinsen, Svein Olav Myklebust.
Store konsekvensar
Melvær seier han er arg fordi FSK ikkje er blitt spurde om tidspunktet på ein kamp som kan vere eit vere eller ikkje vere i 3. divisjon for både Fjøra og FSK.
– Det laget som vinn denne kampen vil greie seg i divisjonen, spår FSK trenar Rune Hovland. For FSK er måndagen ekstra ille fordi fem av A-spelarane er med på den avgjerande kampen i 5-divisjon mot Hornindal søndag. I tillegg er det usikkert om alle dei fire spelarane Florø henta heim til Fjøra kampen fredag frå skular Sogndal og Bergen også kan komme heim att måndag. Dette kjem i tillegg til dei fem Sportsklubben har på langtidsskadelista.
Viktige kampar
Då kan FSK komme til å slite med å stille eit godt nok mannskap. FSK møter dei argaste konkurrentane i botnsjiktet på rad og rekke i tre kampar framover. Truleg kan det vere nok for Sportsklubben å vinne ein av kampane
Florø og Fjøra spelarane var i garderoben i Florahallen, under brannen då lyset gjekk fredag. Her sat dei i mørke nokre minutt til ungdomspolitikar Fredrik Helland kom inn og orienterte dei om at det var ein naudsituasjon og bad dei følgje han ut. Først eit par timar seinare fekk spelarane sleppe tilbake til garderobane for å hente bagane sine.
Prøvde
FSK prøvde å få fjøra til å overnatte i byen og få spelt kampen laurdag. Fjøra ville ikkje dette. Men laga blei så samde om å sette kampen til 5. eller 6. oktober. Melvær seier at Fjøra i ettertid har komme med eit ønskje til fotballkrinsen om å få spele kampen alt i morgon måndag 28. Heller ikkje Firdaposten har lukkast med å få Myklebust i tale.
Problem transforming sheet: jar:file:/var/jetty/componada/Jetty_0_0_0_0_9002_componada.webapp.war__componada.webapp__.bdff6g/webapp/WEB-INF/lib/componada-xslt-1.176.jar!/xslt/component_xhtml2html.xsl root cause: org.xml.sax.SAXParseException: A DOCTYPE is not allowed in content.
, group
X-Trace-App: [componada ; knata.api.kunder.linpro.no ; Thu Feb 09 23:37:49 CET 2012]
X-Trace-App: [corredor ; blanken.api.kunder.linpro.no ; Thu Feb 09 23:37:49 CET 2012]