Bruntrøyene slo Selje

FOTBALL: Det var ein sjanserik kamp då eit av jumbolaga i divisjonen, Selje, gjesta Florø Stadion fredag. – Vi tok tre poeng og det var målsettinga, seier trenar Rune Hovland.

Dag Frøyen
Dag Frøyen Profil E-post
Publisert 12.09.2008 kl 19:24 Oppdatert 12.09.2008 kl 21:53

Tips ein venn på e-post:

...
Marius Moe hadde sine sjansar i første omgang også. Her rekk derimot Seljespelaren fram i tide.

BILDE: FSK - Selje

...

Florø SK tok alle poenga då eit av jumbolaga i 3.divisjon, Selje, kom til Florø Stadion fredag

Sjå bilder frå kampen

Omtalte lag og spillere


Selje har mykje å spele for og stilte med eigen heiagjeng og hadde trøkket på tribunen frå start mot Florø fredag. Selje har berre Skavøypoll bak seg på tabellen og er i poengnaud. Om denne plasseringa held seg ut sesongen, må Førde rykke opp for at dei skal berge plassen. Og dette var dagen der dei kunne ta alle poenga frå Florø.

Svakt lag

For på papiret var det mange viktige Florøspelarar som ikkje var tilgjengelege i kampen mot Selje.

Florø var dessutan slurvete i markeringane og i løpet av 20 minutt vi notert to klare og to relativt gode sjansar til gjestane frå ytre Nordfjord.

Det var først etter 21 minutt at Christer Husa viste offensiv kraft med ein susar i tverrliggaren frå om lag 30 meter.

No fekk heimelaget ballen til å rulle betre. Torstein Grytten var ein stadig trussel og på kvar si side viste Tor Olav Rognsøy og Eirik Hovland takter. Men dei hadde ikkje det som skulle til for å omsette sjansane i mål.

Selje i føringa

Først når Trond Hamre fekk eit gjennomspel (som lukta offside) to minutt ut i andre omgang, og sende gjestane i føringa, fatta heimelget alvoret. Og to minutt etter scora Marius Moe sitt første mål i FSK-trøya i sin tredje kamp for klubben. Han plukka opp ein retur frå keeper som ikkje klarte å halde frisparket frå venstreslegga Christer Husa.

Selje stod no høgt då dei visste tre poeng hadde kome godt med i botnkampen. Dermed spelte dei med større risiko bak som gjorde at heimelaget kunne utnytte bakrommet.

Utlikning

Det var også slik etter 79 minutt at Tor Olav Rognsøy utnytta bakrommet på høgresida og fekk lagt inn til Torstein Grytten. Florøspissen styrte ballen vakkert heilt oppe i krysset til 2-1.

Men kampen var ikkje avgjort. Fem minutt seinare kom målscoraren Hamre på nytt åleine med keeper, men Bjørnar Johannessen leverte ein av fleire kjemperedningar og redda poenga for Florø.

– Skuffa

– Eg er skuffa. Vi har sjansar nok til å avgjere dette, men vi slit med å score mål. Vi kunne vunne i dag, seier Seljetrenar Idar Taklo. Han fortel dei slit med få folk på trening og at kampane er prega av at spelarane ikkje trenar saman til dagleg. Men han har tru på at Nordfjordingane skal klare å halde seg i divisjonen.

– Vi har tre av dei fire kampane igjen på heimebane og då bør vi mobilisere nok til å halde oss, kjem det frå Taklo som var tydeleg skuffa over å ikkje ta skalpen til Florø fredag.

Florøtrenar Rune Hovland meinte derimot FSK vann fullt fortent ut i frå sjansestatestikkane, men vedgår det er mykje slurv dei må få rydda bort. Men så var heller ikkje laget det beste han har stilt med i år.

– Vi tar tre poeng og det er det viktigaste. Neste kamp borte mot Tornado er både Espen Gabrielsen, Ali Pour og Lasse Orheim Pedersen tilbake og då skal vi vere betre rusta, avsluttar han.

Kampfakta

3.divisjon avd. 16

Florø Stadion

Florø SK – Selje 2-1 (0-0)

Tribune: 149

Dommar: Inge Seglem, Årdalstangen IL

Mål:

0-1 Trond Hamre (47. min)

1-1 Marius Moe (49. min)

2-1 Torstein Grytten (69. min)

BB: Torstein Grytten - FSK

Florø SK: Bjørnar Johannessen, Kristian Østerbø (Kurt Kurtzhals 60. min), André Reksten, Torstein Strømsøy, Thyago Fernandes, Tor Olav Rognsøy, Eirik Hovland, Christer Husa, Eivind Nybakk, Torstein Grytten og Marius Moe (Torstein Reksten 79. min).

Les meir om kampen og sjå kampfakta her: Fotball LIVE

fredag

12

september

Florø SK - Selje 2 - 1

3. divisjon Sogn og Fjordane - Firdaligaen 2008 - fredag 12. september kl 17:45, Florø Stadion

Les fullstendig kampreferat

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.