Forfjamsa Florø SK

- Drittkamp, sa trenar Rune Hovland mutt etter kampen, kor Stryn hadde overtaket kvar gang det gjaldt som mest.

Publisert 22.06.2008 kl 17:57 Oppdatert 22.06.2008 kl 20:06

Tips ein venn på e-post:

...
...
IKKJE DÅRLEG: Florø SK-spelarane gjorde ikkje ein dårleg jobb. Men dei var ikkje effektive nok når det gjaldt. Foto: : Cecilie Eikås Nygård
...
OFFANSIV: Ali Hossainpour (t.v.) gjorde ein god jobb. Tor Olav Rognsøy med ballen. Foto: : Cecilie Eikås Nygård

Omtalte lag og spillere


I nest siste kamp før sesongslutt tapte Florø SK 5-1 mot Stryn på heimebane. Dei er likevel sikra andreplass på tabellen.

Mange møtte opp for å følge FSK sin siste heimekamp før ferien, og gjekk skuffa heim att. Det var ikkje det at Florø SK spelte dårleg, dei var offensive og skapte mange gode sjansar. Men dei var ikkje gode nok når det gjaldt; føre mål. Eivind Nybakk fekk ein ball i mål etter sytten minutt, så var det slutt på festen.

For første gang på fleire år har Florø Sportsklubb spela ein sesong som trenaren er godt nøgd med, og ligg no trygt på andreplass i divisjonen, etter Førde. Stryn ligg på sjuande plass og har overraska negativt i vårsesongen, i følgje Hovland, med å gjere det dårligare enn mange forventa. Men i Florø viste dei at dei er eit topplag.

Etter tretti minutt utligna Stryn då Asbjørn Tenden skåra. FSK hadde overtaket fram til pause, med fleire gode sjansar. Så kom andre omgang. Stryn tok leiinga etter fem minutt, for å skåre på ny sju minutt seinare.

Ein skadd midtstoppar Torstein Strømsøy var ikkje med, Sigurd Hjorthol sat på tribuna med punktert lunge. Torstein Grytten, som vanlegvis er effektiv spiss med god fysikk sat forkjøla på sidelinja. Han kom inn i andre omgang, men då såg det ut til å vere for seint.

Florøspelarane gjekk av bana med senka hovuder.

Onsdag er siste sjanse for spelarane til å rette opp sjølvfølelsen før ferien. Då spelar Florø mot Fjøra i Sogndal.

søndag

22

juni

Florø SK - Stryn 1 - 5

3. divisjon Sogn og Fjordane - Firdaligaen 2008 - søndag 22. juni kl 15:00, Florø Stadion

Les fullstendig kampreferat

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.