Florø-dominansen held fram i Minneapolis
Det sportslege eventyret i Minneapolis held fram for Florø Fotball.
I går kvalifiserte som kjent alle laga seg for dagens semifinalar. Også i dag blei det forsinkelsar grunna lyn og torden, men omlag 2,5 time forsinka kom dei omsider i gang.
Finaleklar 1
U15 fekk ein heller dårleg start, og låg under 0-3 mot St. Paul United. Men etter heroisk innsats klarte dei å snu kampen og vann til slutt 4-3 etter eit hat-trick av Daniel Kvalvågnes og ei scoring av Ole Sivertsen.
Finalemotstandar er ikkje klar, men kampen skal starte kl 21.45
Finaleklar 2
Også U17 er klare for finalen, dei hadde små problem mot St.Croix og vann heile 7-0 til slutt. Erik Rotihaug, Stefan Aase og Runar Hove stod bak dei tre første nettkjenningane, dei siste har vi ikkje fått opplysningar om enno.
Finalen mot det canadiske laget Edmonton Drillers skal starte kl 21.45.
Finaleklar 3
U16 var tredje lag ut, og etter ein dramatisk semifinale mot Minneapolis United vann dei 3-2. Kristoffer Valsvik (2) og Kristoffer Ryland kom på scoringslista.
Men både Martin Hollevik og keeper Jacob Storevik blei utvist for munnbruk, og må dermed truleg stå over finalen. Valsvik tok over keepertrøya, og berga finaleplassen då han redda eit straffespark få minuttar før slutt.
Finalen skulle ha starta kl 22.00, men blir omlag to timar forsinka. Der må utespelar Erlend Hove vokte buret ettersom Florø ikkje har med reservekeeper.
Finaleklar 4
U19 fekk det tøft mot det gode mexicanske laget Tenancingo Youth og det var mexicanarane som tok leiinga. Torbjørn Aabrek utlikna frå straffemerket, men så gjekk motstandaren etterkvart opp i 4-1 leiing og det såg mørkt ut med tanke på finaleplassen for juniorlaget.
Men dei gav seg ikkje. To kjappe av Halvor Solheim-Olsen tende håpet, og like etter utlikna Kristoffer Book. Og to nye signert Solheim-Olsen gjorde at Florø vann 6-4, og dermed er alle Florø-laga for andre gang under USA-opphaldet i finalen.
U19-finalen skal starte kl 01.15