Tysdag starta del to av USA-opphaldet til Florø Fotball, og innleiingsvis har sigermarsjen holdt fram.
U15 var det første laget som var i aksjon tysdag, og dei fekk eit gjensyn med søndagens finalemotstandar Prhpsa frå Puerto Rico.
Søndag enda kampen 3-2, i dag blei det 3-0 til Florø. Scoringane kom ved Tord Hovden på straffespark, Ole Kristian Førde og Daniel Kvalvågnes. U15 var det einaste laget som spelte to kampar i går, og dei fulgte opp med å vinne 4-1 over Minnesota Thunder. Daniel Kvalvågnes (2), Tord Hovden og Simen Halvorsen kom på scoringslista. Dei toppar dermed si pulje med seks poeng, og har sikra seg eit godt utgangspunkt for vidare avansement.
U19 var neste lag ut, og dei markerte seg for alvor med ein suveren 10-0 siger over CCFC 2012. Halvor Solheim-Olsen stod bak halvparten av nettkjenningane, medan Kristoffer Book ikkje var langt bak med sitt hat-trick. Kristoffer Sigdestad og Torbjørn Aabrekk kom også på scoringslista.
Så var det U16 sin tur, og etter 1-1 ved pause kom dei sterkt i andre omgang og sikra ein klar 6-1 siger over Dakota Rev SC Pumas. Her har vi ikkje fått opplysningar om alle målscorarane enno.
U17 starta sin kamp mot St.Croix Select kl 22.45 norsk tid, og vann 4-0 over St.Croix Select, heller ikkje her har vi fått navn på målscorarane.
Florø-laga vann dermed fem av fem kampar, og med ein samla målforskjel på heile 27-2.
Turneringa held fram onsdag ettermiddag/kveld norsk tid, med følgande kampar for Florø Fotball:
U19: Florø - Blackhaws of St.Paul (kl 15.45)
U17: Florø - WBL Bears (kl 19.15)
U16: Florø - Minneapolis United ( kl 17.30)
U15: Florø - Cottage Grove United ( kl 17.30)
Firdaposten tok seg ei runde i byen for å sjå kva folk brukte det fantastiske vêret pinseaftan til.
Sjå bilete