Historisk storeslem i Minnesota. Samtlege Florø-lag vann sine finalar
"Når vi graver gull i USA", var den svenske VM-sangen under USA-VM i 1994. Og svenskane lykkast nesten, og kom heim igjen med bronsemedalje i bagasjen,
Om det er det som har inspirert Florø-laga skal være usagt, men faktum er iallefall at dei har levert ein historisk sterk prestasjon. Dei fire laga har spelt 22 kampar, vunne 21 og spelt ein uavgjort. Og den samla målforskjelen er på utrulege 67-15.
Alla laga gjekk til topps i sine puljer, U15 og U17 måtte via kvartfinalane medan U16 og U19 gjekk direkte til semifinalane.
Men sigersmarsjen heldt fram, og alle laga kvalifiserte seg for finalene som gjekk søndag kveld norsk tid.
Finalesiger 1
U17 var første lag i aksjon. Dei møtte Dakota United og vann 2-1. Ifølge rapportane rundspelte Florø motstandaren og vann ein fortent siger etter scoringar av Runar Helland Aamot og Erik Rotihaug.
Finalesiger 2
U19 var suverene, og vann heile 6-1 over MN Thunder Elite frå Minnesota. Halvor Solheim-Olsen, Kristoffer Sigdestad, Kristoffer Book (2), Kevin Karlsen og Aksel Knapstad stod bak scoringane.
Finalesiger 3
U15 vann 3-2 over det fysisk tøft spelande laget Prhpsa frå Puerto Rico. Scoringane kom ved Oliver Rotihaug, Tord Hovden og Daniel Kvalvågnes.
Finalesiger 4
U16 var siste lag ut, og ville ikkje vere noko dårlegare enn dei andre. Det endte med 3-2 siger over Dasc Black frå Sør-Dakota etter scoringar av Kristoffer Ryland (2) og Kristoffer Valsvik.
No ventar det ein velfortent kviledag, før USA-eventyret held fram med del to av Schwan`s Cup. Den startar tysdag, og held fram utover veka.
Kva skjer? | ||