...
REVANSJ: Brann og Kim Ojo slo ut Kristoffer Book og Florø Fotball i cupen med 6-1 på Florø Stadion. No kan juniorane få revansje då dei møter nettopp Brann i cupen for juniorlag neste torsdag. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Møter Brann i cupen

No er kvartfinalane trekt i juniorcupen og Florø Fotball møter Brann på Florø stadion mest truleg torsdag 30. august.

Dag Frøyen
Dag Frøyen Profil E-post
Publisert 21.08.2012 kl 14:50 Oppdatert 22.08.2012 kl 09:39

Tips ein venn på e-post:

Florø Fotball junior 19 kjempa seg til kvartfinalen etter 4-0 mot Molde heime på laurdag. No er kvartfinalane trekt og Florø fekk heimekamp og skal møte finalist i fjor, og førehandsfavoritt til å vinne cupen i år, Brann.

- Vi kunne kanskje tenkt oss ein lettare motstandar enn akkurat Brann, men dette liker vi. Vi får brynt oss mot eit skikkeleg godt lag og vi fekk heimekamp. Dette blir nok ein fest på Florø stadion, slår trenar Terje Rognsø fast.

Brann favorittar

Laget florøjuniorane møter er nærast identisk med det som spelte seg til finalen i fjor, så utfordringa er stor for heimelaget. Helge Nilsen er trenar for Brann-juniorane og seier til brann.no at han lar seg imponere av Florø.

- Det er imponerande at Florø med sine ressursar klarar å få fram så mange gode og unge fotballspelarar, sier Nilsen.

Han trur det blir ei tøff kamp på bortebane, men han forventar at Brann skal vere det sterkaste laget om konsentrasjonen er god nok. brann.no rekar også Brann som favoritt då dei spelte seg til finalen i fjor.

Lysproblem

Ei ulempe i kampoppsettet er at det mest truleg blir ein kveldskamp. Om kampen går slik dei no reknar med, klokka 18.00 torsdag, vil eventuelle ekstraomgangar by på utfordringar knytt til lyset. Orkanen "Dagmar" flata som kjent masta som stod i det sørvestre hjørnet på stadion. Flomlyset på Florø Stadion har heller ikkje fungert optimalt, også i tida før stormen.

- Eg trur det vil gå bra, men dette må vi i alle høve sjekke ut før neste torsdag, seier Rognsø.



På forsiden nå


...

Måtte reddast ned frå Hornelen

Lokalnytt Braut foten - måtte hentast av redningshelikopteret. Les meir

...

Vil ha oppvekstsenter på Knapstadmarka

Lokalnytt Bystyret ønskjer å planlegge både skule og barnehage på Knapstadmarka, og ikkje berre barnehage. Utbygging og drift skal vere kommunal. Les meir

...

Utfor vegen i Ålfoten

Lokalnytt 60-åring lettare skadd. Les meir

...

Meiner bystyret braut lova

Lokalnytt Fleire bystyrerepresentantar krev lovlegkontroll av vedtaket om å lukke møtet om avlastingstilbodet til Joakim Osland (18). No har dei bede Fylkesmannen sjå på saka. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.