...

Deltek på Valencia Camp

Fire spelarar frå Florø Fotball blir denne veka instruert av spanske topptrenarar i Bergen.

Publisert 28.06.2012 kl 19:51 Oppdatert 28.06.2012 kl 20:27

Tips ein venn på e-post:

Brage Naustdal (2002), William Stenevik (1998), Eirik Valvik og Elise Isolde Stenevik (begge frå 99-årgangen) har vore deltakarar på fotballtalentleiren Valencia Camp som blir avslutta fredag.

Der har dei fått kunnig rettleiing av fem trenarar frå den spanske toppklubben Valencia, som blir rekna som ei av verdas beste på spelarutvikling. Treningane har hatt utgangspunkt i Valencia og spansk spelestil. Og elevane har fått ein smakebit på korleis jamaldrane spanske gutar og jenter trener og utviklar tekniske og taktiske ferdigheiter.

Varden Idrettspark i Bergen har vore arena for talentene, i alderen 10-16 år, under heile denne veka.

Alle spelarane på Campen blir nøye vurdert og får individuell tilbakemelding om nivået sitt og utviklingspotensialet.

Om dei spanske trenarane ser spelarar dei meiner har spesielle talent og potensiale, vil dei bli inviterte til ei vekes prøvespel i Valencia - alt betalt av klubben.

TV2 har hatt reportasje frå Valencia Camp med blant anna florøjenta Elise Isolde Stenevik og den tidlegare brannspelaren David Nielsen, som er kontaktperson for arrangementet i Norge.



På forsiden nå


...

Kundane sviktar Florø Bakeri

Lokalnytt I starten forsvant bakarvarene ut døra på Florø Bakeri like fort som dei kom ut av omnen. No har kundemassen skrumpa kraftig inn. Les meir

...

Reidun (19) satsar på scenelivet

Kultur Kanskje har tida som Signy i Kinnaspelet gjeve meirsmak, for Reidun Melvær Berge (19) frå Florø satsar for fullt mot ei karriere på scenen. Les meir

...

Vurderer fleire ruter frå Florø

Lokalnytt Den første månaden med Stavanger-ruta var så god at Airwing no vurderer fleire ruter frå Florø. Les meir

...

Dropp ferjene – bygg bru

Lokalnytt Åge Senneset i Bremanger Venstre ønskjer bru over Ytre Nordfjord, i staden for dei to ferjene som kryssar fjorden i dag. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.