...
Kristoffer Book frå Firda og FSK kom inn på i andre omgang og fekk mykje ut av tida si på matta. Foto: Liv Standal

Brann trengde straffekonk for å vinne

Etter full tid stod det uavgjort mellom Brann og Firda-laget på Florø Stadion torsdag kveld.

Liv Standal
Liv Paula Standal Profil E-post
Publisert 14.06.2012 kl 21:30 Oppdatert 15.06.2012 kl 16:01

Tips ein venn på e-post:

Brann kom med toppa lag, og tok tydeleg Firda-konstellasjonen på alvor, trass i at dei 22 spelarane på laget verken har trent eller spelt kamp saman tidlegare. Likevel greidde ikkje Brann å få has på fylkeslaget i dei ordinære omgangane, sjølv om kampen baud på gode sjansar for begge laga. FSK sin Kristoffer Book var heilt klart ein av dei som gjorde mykje av seg i torsdagens kamp og hadde ein kjempesjanse då han klinka til frå 20 meter og skaut like utanfor i 57. minutt.

Mange spelarar frå fylket fekk prøve seg på matta mot Brann denne kvelden. Dette har i følgje trenar Terje Rognsø samanheng med at dei fleste for tida har eit hardt kampprogram, slik at ein ikkje ville la karane spele to omgangar i denne kampen.

Rognsø kommenterte kampen slik:

- Det er vel litt feriepreg over dette, men eg synes vi gjer det bra, sjølv om begge lag burde ha scora.

Rognsø såg elles kampen frå rullestol i kveld. Han rauk som kjent akillessenen då han feira sigeren over Årdal i jubileumskampen tysdag. Han vart trilla inn på operasjonssalen i Førde klokka halv tre i ettermiddag, var ferdig operert halv fem og ute av sjukehuset klokka fem. Ein halvtime ut i kampen, som starta klokka seks, kjem trenaren trillande inn på bana for å sjå til gutane sine, trass i at det var Førde-trenar Knut Erik Folland som leia laget under denne kampen - naturleg nok.

Rognsø fortel at det no ventar åtte veker på krykker før han kan starte opptrening av foten att, noko som sannsynlegvis vil ta seks månader. Nett då han har avlevert denne opplysninga, kjem hjelpetrenar Geir Rindheim bort og grip tak i rullestolen:

- Skal vi gå? spør han. Terje'n gløttar opp, så kjem det tørt:

- E' du vittig?



På forsiden nå


...

Ny versjon av Tour de Bremanger

Sport Tap av ferja stoggar ikkje sykkelglade bremangarar. Men løypetraseen til Tour de Bremanger blir annleis laurdag 15. juni. Les meir

...

VIDEO: Nyevegen Rugsund-Svelgen (rallyversjon)

Video Ver med køyreturen på den nye vegstrekninga Rugsund-Leirgulen-Svelgen i ein fart a la Petter Solberg. P.s. "farta" skuldast at filmen køyrer fortare, og ikkje sjåføren.

TA RALLYTUREN HER
Til Grasrotandelen

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.