...
Tore Rylandsholm, er spelande trenar i Bremanger. Foto: Annbjørg Hauge Nygård

- Har slått Brann før eg

Tore Rylandsholm frå Bremanger ser lyst på å møte Brann igjen. Som Fyllingen-spelar var han med å slå dei ut av cupen med 1-0-siger.

Arve Olav Solbakken
Arve Solbakken Profil E-post
Publisert 13.06.2012 kl 14:05 Oppdatert 13.06.2012 kl 14:27

Tips ein venn på e-post:

Spelande Bremanger-trenar Tore Rylandsholm er med i stallen av spelarar som skal møte Brann på Florø stadion torsdag. Han har lang erfaring etter å ha spelt i Tornado Måløy (3.div), Ålgård ( 2.div) og Fyllingen (3.divisjon).

- Eg har lest på nett at eg er med på laget. Så eg er klar og håpar på å få speletid mot bergensarane. Eg har ikkje høyrt noko frå trenarane enno, men reknar med at dei lyt kalle inn til trening snart, seier han til Firdaposten.

Toppfotball Sunnfjord, som er eit opplegg i regi av Eikefjord Idrettslag, samlar årleg eit eller fleire toppserielag til treningsleir og lagar eit kampopplegg som skal la lokale krefter møte førsteklasses motstand.

Det er Anders Ole Sunnarvik og Ragnar Langedal som står for arrangementet, og det Florø-trenar Terje Rognsø og Førde-trenar Knut Erik Folland som skal leie laget.

Det er Florø Fotball som har den største troppen av spelarar som er med.

Etter ei avstemming på Firda.no er følgjande spelarar plukka ut til stallen av spelarar som utgjer fylkeslaget, Firda-laget, som skal møte Brann torsdag: :

Tore Rylandsholm, Bremanger

Tommy Løkkebø, Eikefjord

Jacob Storevik, Florø

Kristoffer Book, Florø

Runar Hove, Florø

Simen Reksten Solheim, Florø

Peter Aase, Florø

Christer Husa, Florø

Stefan Aase, Florø

Kristoffer Ryland, Florø

Fredrik Hanssen, Saga

Torstein Frøholm, Førde

Eirik Flatjord, Førde

Bernt Norevik, Førde

Gisle Isene, Førde

Kristian Fardal Opseth, Førde

Christoffer Hafsås, Førde

Eirik Fraas, Førde

Ole Martin Bolset, Jølster

Andreas B. Vereide, Sandane

Øystein Myraskog, Vik

Tarjei Vevle, Vik



På forsiden nå


...

Solid start av Øyvind Strømmen Kjerpeset

Lokalnytt Det første grandprix-løpet for året enda med ein sterk siger for den regjerande norgesmeisteren på 400 meter hekk. Han slo dei beste svenskane i stemnet på Brandbu onsdag. Les meir

...

Skal sjekke over 600 gamle hus

Lokalnytt Bur du i eit gammalt hus, får du snart hagebesøk av folk med kamera. På oppdrag frå Riksantikvaren. Les meir

...

To pågripne for narko

Lokalnytt Ein kontroll av ein bil onsdag førte til pågriping av to menn. Dei er mistenkte for bruk av narkotika. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.